onsdag 24. november 2010

Siste innspurt til julemessa

Julemessa "VåGalt" nærmar seg med stormskritt. Dei siste tinga som skal vere med byrjar så smått å bli ferdige, blant anna  fire akvarellar med "Dei tre bukkene Bruse" som tema. Det fyrste biletet skal illustrere den største bukken som er på veg over brua til setera. I vatnet som brusar under står det skrive: "Nå kommer jeg og tar deg!" Dette er då sjølvsagt trollet si stemme... Det andre biletet viser alle dei tre bukkane som alle har kome seg trygt over til den andre sida, og nyt det saftige, grøne graset på setera.


"Den store bukken Bruse"


"De tre bukkene Bruse"

Nest siste glasurbrann er også overstått. Det var i overkant spanande å åpne for å sjå at alt var i orden. Risikoen for at noko har gått gale er alltid tilstades, men det gjekk heldigvis ganske bra. Vidare følgjer ein del bileter av nokre av gjenstandane eg nettopp har teke ut av ovnen:












 

lørdag 13. november 2010

Julekuler

Nytt produkt til VåGalt-messa; julekule i glas med tradisjonelt julemotiv.

Snø som fell, grantrær, englar, levande lys, hest og slede, ei nedsnødd hytte, raudt, definitivt raudt!... Jula for meg er nok nært knytt til tradisjonar. Eg er vel kanskje litt i overkant nostalgisk, men den julepynten det er mest stas med er den eg hugsar frå eg var lita jente. Pynten kan vere både slitt og falma av tidas tann, men det blir liksom ikkje ordentlig jul før den er på plass. Julekulene med dei nedsnødde stovene er eit resultat av nettopp denne nostalgien og desse assosiasjonane som eg har til jula. Dette er jul for meg.

onsdag 10. november 2010

Intensiv jobbing mot julemessa "VåGalt"

Eg skal vere med på julemesse for fyrste gong i mitt liv. Det skal bli kjempespennande! Planen er å stilla ut keramikk, akvarellar, kort og handmåla glaskuler. Eg har nettopp lagt bak meg nokre hektiske veker på keramikkverkstaden, der eg i all hovedsak har dreid koppar. Medan eg ventar på dei siste brenningane, kan eg no arbeide vidare med dei andre produkta som skal stillast ut. Mykje av det eg produeserer er meint for barn.

Keramikk:
 
Eit par fiskekoppar, i utgangspunktet berekna på barn,
men storleiken gjer nok at dei fungerer like bra for vaksne.

 

Apeskål til barnegrauten. Eg arbeider også med koppar og
fat med same motiv i rosa og blått. Dette er meininga at
skal bli eit servise for barn.  

 




Kort:

Stiliserte juletrær












Akvarellar/barnebileter:

Motiva i akvarellane eg maler er henta i frå
forskjellige eventyr. Ovanståande bilete heiter "Tommelise". 


"Tommelise og blomstens engel"