fredag 9. desember 2011

Kort til ein fotointeressert mann og pappa

Som nybakt pappa kunne min mann feire farsdag for fyrste gong i år. Då måtte han sjølvsagt bli gjort litt stas på. Kva kunne vel ikkje passe betre på kortet enn eit kamera, om enn i ei gamal utgåve, på kortet til ein svært så fotointeressert mann og pappa...?


Eit kassefotoapparat, etter fri fantasi vel
 og merke.


Utsnitt av kortet


mandag 31. oktober 2011

Bursdagsgåver

I desse tider har to av tanteborna mine bursdag, og etter at ho eldste av dei tidligare viste stor interesse for elefanten eg sydde til vesleguten min, fann eg ut at eg ville sy liknande "Tildabamsar" til dei to også. Det byrjar snart å likne ein dyrehage her med alle elefantane og sjiraffane som ligg ferdige og halvferdige rundt omkring i huset.

Eg har også hatt liggande nokre smykkedeler som eg i lengre tid har hatt planar om å lage smykker til born av. For å overraske bursdagsborna litt ekstra har eg plassert smykka på bamsane, slik at det blir ei ekstra gåve i gåva. Kan hende havnar det noko i lommane til bamsane også...
 
Ein sjiraff til minstejenta
 
Ein elefant til eldstejenta
  
Sjiraff med armband
Bilete av armbandet på sjiraffen sin arm




Elefant med smykke om halsen

Nærbilete av smykket om elefanten sin hals


Eg avsluttar med eit gruppebilete av dei to som snart skal få nye eigarar:


fredag 7. oktober 2011

Hekla kosedyr

For over eitt år sidan (eller kanskje det er endå lengre sidan) kom eg over ein reportasje i Haugesunds avis som handla om "amigurumi". Dette var eit heilt ukjend begrep for meg, men via reportasjen lærte eg at det dreier seg om hekla kosedyr. Dette måtte eg prøve meg på!  Eg er svært glad i å hekle, og fann ein heil haug med gratis oppskrifter på nettet. Nå, over eitt år seinare, kan eg endeleg seie meg ferdig med dei tre kosedyra eg byrja å hekle på med så stor iver og entusiasme:



Liten bjørn med krone og bjelle
Liten bjørn med krone og bjelle




Flodhest med bjelle rundt halsen

Gruppebilete av flodhest, liten bjørn og blå elefant


 

onsdag 24. august 2011

Ein bamse til go`guten vår

Den siste tida har mellom anna gått til å sy på fleire bamsar. Eit par av dei har vore tiltenkt vårt nye familiemedlem. Med tre veker permisjon før termindato, trudde eg at eg hadde eit hav av tid til å bli ferdig. Men, den vesle guten vår fekk det travelt, og kom til verda dagen etter min siste arbeidsdag før permisjonen. Elefanten på bileta nedanfor mangla berre auge og raude kinn. Dette er nå på plass og elefanten er nå overrekt til sin rettmessige eigar. Kva han syns er ikkje godt å seie, men dei matcher nå godt i storleiken...

søndag 19. juni 2011

"Ein elefant kom marsjerande..."

Eg har alltid vore veldig glad i bamsar og andre kosedyr, så då eg oppdaga dei søte elefantane i boka "Tildas atelier" av Tone Finnanger, måtte eg berre kjøpe boka og sette i gang og sy. Elefanten finnes i to storleikar. Eg byrja med den minste elefanten som no er ferdig, og held for tida på med den største. Slik blei resulatet av den minste utgåva:




Heklajakke til baby

Me ventar småfolk i hus, og då synes eg det er kjekt å produsere diverse til babyen sjølv. Første prosjekt blei å hekle ei jakke som skulle vere så kjønnsnøytral som mogleg, då me ikkje vil vete kjønnet på førehand. Valet falt på eit grønt, mjukt ullgarn frå Sandnes garn. Som kontrast til alt det grøne hekla eg ein kvit kant rundt heile jakka og rundt åpningane til armane. Knappane er små, kvite teddybjørnhovud.

søndag 17. april 2011

Perler til øyrene

Den siste tida har gått til å lage fleire øyredobbar og eit par esker til å ha nokre av dei oppi. Nedanfor vises eit par blå hjarteøyredobbar med tilhøyrande sommarfuggeleske. Til øyredobbane har eg brukt sølvtråd på 0,8mm som eg har bøyd til ein ring. Hjarteanhenget er laga ved hjelp av ein metallstav med ei kule i enden, slik at glashjarta heng på plass. Deretter har eg tredd på ei lita sølvfarga perle og bøyd til enden av metallstaven til ein liten sirkel ved hjelp av ei rundtang. Same typen sølvperler og hjarteanhenget er deretter tredd inn på sølvringen. Til slutt har eg festa sjølve øyredobbkroken i toppen av sølvringen.



Same framgangsmåte er brukt på dei grøne hjarteøyredobbane vist nedanfor:



Sølvringen er utelaten i dei blå øyredobbane nedanfor. Dei er laga på same måte som hjarteanhenga ovanfor; ved hjelp av metallstavar med ei lita kule i enden.








søndag 3. april 2011

Kort for store og små

Det er artig å lage kort berekna til born. Dette kan nok henge saman med at eg likar litt naive og barnlige uttrykk. Noko som også går igjen i mykje av det andre eg lagar, det vere seg koppar eller bileter. Utgangspunktet for korta nedanfor var altså at dei var tiltenkt born, men dei to øvste kan vel like så godt passe for vaksne... (Ein blir aldri for gamal til å vere litt barnleg!)



Kort til nyfødt baby

Blomar på kort

Det er vår i lufta! Slikt kan ein bli inspirert av, noko som for min eigen del resulterte i fleire kort med blomar som motiv.








Smykkeesker

No som eg får ha produkta mine på butikken "Kunsthjørna" i Haugesund, tenkte eg det kunne vere fint å ha gåveesker til nokre av øyredobbane. Fargane eg har valt å ha utanpå eskene viser til fargane som er på øyredobbane oppi eskene.


Gåveeske til sett med rosa øyredobbar

Gåveeske til sett med blå/turkise øyredobbar


søndag 27. mars 2011

Gøy med perler!

Endeleg er det tid for litt blogging igjen. No er det alt for lenge sidan sist! For tida er det perler og smykker som står på tapetet. For nokre månader sidan bestilte eg meg masse nye perler og anna smykkeutstyr på nettet. No hadde eg jo litt å ta av i frå før av også, men det er alltid inspirerande med noko nytt.

Eit lite utval av perler og smykkeutstyr 

















Vidare følgjer nokre bileter av resultata. Så langt har eg laga flest øyredobbar, men planen vidare er å lage både halssmykker og armband også.