søndag 17. april 2011

Perler til øyrene

Den siste tida har gått til å lage fleire øyredobbar og eit par esker til å ha nokre av dei oppi. Nedanfor vises eit par blå hjarteøyredobbar med tilhøyrande sommarfuggeleske. Til øyredobbane har eg brukt sølvtråd på 0,8mm som eg har bøyd til ein ring. Hjarteanhenget er laga ved hjelp av ein metallstav med ei kule i enden, slik at glashjarta heng på plass. Deretter har eg tredd på ei lita sølvfarga perle og bøyd til enden av metallstaven til ein liten sirkel ved hjelp av ei rundtang. Same typen sølvperler og hjarteanhenget er deretter tredd inn på sølvringen. Til slutt har eg festa sjølve øyredobbkroken i toppen av sølvringen.



Same framgangsmåte er brukt på dei grøne hjarteøyredobbane vist nedanfor:



Sølvringen er utelaten i dei blå øyredobbane nedanfor. Dei er laga på same måte som hjarteanhenga ovanfor; ved hjelp av metallstavar med ei lita kule i enden.








søndag 3. april 2011

Kort for store og små

Det er artig å lage kort berekna til born. Dette kan nok henge saman med at eg likar litt naive og barnlige uttrykk. Noko som også går igjen i mykje av det andre eg lagar, det vere seg koppar eller bileter. Utgangspunktet for korta nedanfor var altså at dei var tiltenkt born, men dei to øvste kan vel like så godt passe for vaksne... (Ein blir aldri for gamal til å vere litt barnleg!)



Kort til nyfødt baby

Blomar på kort

Det er vår i lufta! Slikt kan ein bli inspirert av, noko som for min eigen del resulterte i fleire kort med blomar som motiv.








Smykkeesker

No som eg får ha produkta mine på butikken "Kunsthjørna" i Haugesund, tenkte eg det kunne vere fint å ha gåveesker til nokre av øyredobbane. Fargane eg har valt å ha utanpå eskene viser til fargane som er på øyredobbane oppi eskene.


Gåveeske til sett med rosa øyredobbar

Gåveeske til sett med blå/turkise øyredobbar