fredag 21. desember 2012

Til- og frålappar

Julegåver treng til- og frålappar, og for ei tid tilbake laga eg mine eigne. Nokre laga eg doble, medan andre vart enkle. Eg ønska også at dei skulle stå i stil til nokre julekort eg hadde laga.




mandag 17. desember 2012

To nye bukser til go'guten

Då eg hadde høstferie, det var vel i oktober ein gong, fekk eg tid til å sy litt igjen. Resultatet blei to, nok ein gong, alt for store bukser til go'guten. Men, me får seie at det er godt å ha noko å vekse i...

Bukse med store lommar


mandag 10. desember 2012

Julehjarter

Endeleg er det tid for litt blogging igjen, etter vel fire månaders pause.
På skulen der eg arbeider er det snart tid for ei heil veke med juleverkstad. Eg har havna på julepyntgruppa, der vi blant anna skal lage hjarter av ståltråd og perler. Då trengs det nokre utprøvingar som kan være til inspirasjon og veiledning til korleis ein skal lage dei. Nedanfor er to av eksempla mine:


søndag 26. august 2012

Ting og tang til ein eittårsdag

Go'guten vår har blitt eitt år, allereie. Og, til ein eittårsdag må visse ting sjølvsagt vere på plass. Krone, vimplar, kort, ballongar og, sist men ikkje minst, kaker høyrer med:
 
Ei sommarleg krone til eittåringen
 
 
Det var ikkje like stas å ha krona
på hovudet...

"Da Lykkeliten kom til verden,
var alle himlens stjerner tent,
de blinket: "lykke til på ferden",
som til en gammel, god bekjent!
Og sommernatten var så stille,
men både trær og blomster små,
de sto og blunket til den lille,
som i sin lyse vugge lå."
 
 
Bløtkake med jordbær og eitt lys for go'guten.
Dagen blei feira ute i det nydelege sommarværet :)
Så var festen over, og mor og far kunne slappe av med eit glas
caffe latte i den flotte sommarkvelden :)
Vimplane er sydd i full fart på min nye overlockmaskin
Vimplane er ypparlege til å bli kvitt gamle tøyrester. Her har eg
brukt både nytt og gamalt tøy...
 

tirsdag 7. august 2012

Kjole til ho mor...

... det vil seie til meg sjølv :) . I katalogen "Vår/sommer 2012 - Fashion" til Stoff & Stil fann eg dette biletet av ein kjole eg fekk svært lyst til å sy til meg sjølv. Blomstrete tøy i babyfløyel, knappar, biseband og kjolemønsteret 23006 vart bestilt, og etter ei vekes tid var det berre å sette i gang med å sy.


Eg ønska ikkje å forandre stort på kjolen, då eg lika den så godt slik den var på biletet. Dei einaste endringane eg har gjort er å sløyfe blonda nederst, og å føye til det same småblomstrete stoffet som er på stolpen i halsutringninga på øvste del av lommane. Kreativiteten har med andre ord ikkje vore på topp, men gleda over å skape noko sjølv var der likevel. Resultatet er å sjå på bileta nedanfor.



Resulatet vart ein 60-talsinspirert kjole, noko eg ikkje tenkte over før eg fekk den på meg. Vidare følgjer nokre bileter av detaljar på kjolen.



Lomme
Halsutringning med påsydd stolpe med knappar.

fredag 13. juli 2012

Overall med store lommar i

Siste syprosjekt har vore å sy ein overall til go'guten. Den er sydd på "gamle måten", på arvegodset frå farmora mi. No ser eg fram til å sy neste prosjekt, som vil vere ein kjole til meg sjølv, på den nye overlocken :) Mønsteret er kjøpt hjå Stoff & stil, nr. 81001. Sjølve buksa er sydd i babyfløyel i fargen støvet aqua. Belegginga i lommane og rundt hals- og armutskjeringa er i pepitaruta, grønt bomullsstoff.

Beinribben er sydd av grønt jerseystoff 

Utsnitt av øvre halvdel

På lommane sydde eg på eit svart biseband med kvite prikkar,
noko eg synest er med på å framheve lommane.

På Stoff & stil fekk eg tak i knappar ein kan trekke om med tøy.
Eg valte å ta igjen stoffet som er brukt i lommane og rundt arm- og halsutskjeringane.

torsdag 12. juli 2012

Lykka er...

... til dømes å ha bursdag, og få pengar til å kjøpe det som har stått høgst på ønskelista: Ein overlockmaskin som skal gjere syinga av klede enklare. Det er iallefall slik eg har forstått det. Eg må berre lære meg å bruke den først, for det kan visst vise seg å være enklare sagt enn gjort... ;) . Bilete rett nedanfor viser vidunderet.


No skal det, med tid og stunder, bli sving på sysakene!
Symaskina til høgre har tilhøyrt mi kjære farmor,
og eg innbiller meg at ho må være frå 60-talet.
Den går framleis som ei klokke, så den skal få bli.

mandag 9. juli 2012

"Flodebukse"

Go'guten har fått seg endå ei mjuk og elastisk bukse, men denne gongen gjekk han rett inn i den. Ikkje ei bukse å vekse inn i med andre ord.


Go'guten i "Flodebuksa"


Buksa er sydd i jerseystoff etter
mønsteret "Lekebukser",
henta i frå boka "Barneklær på 1-2-3
- Tante Mies lettsydde barneklær", av Marie Aanensen.


 







søndag 1. juli 2012

Bukse med lommar i

Då hadde eg sydd nok ei bukse til go'guten. Denne gongen har eg sydd buksa med utgangspunkt i mønsteret "Raske bukser", henta i frå boka "Barneklær på 1-2-3 - Tante Mies lettsydde barneklær" av Marie Aanensen. Også denne gongen har eg valt elastisk beinribb og eit breitt, elastisk magebelte. For ein liten gut som ikkje kan gå enno, men kryp rundt på golvet for å undersøke verda rundt seg, er det viktig med lause og ledige klede... Når det er sagt, kan det jo hende guten kan gå når buksa endeleg vil passe. Som bileta nedanfor viser, er ho litt i største laget ;)

"Kjempefine bukser mamma,
men skal den være såå stooor?"

Magebeltet er bretta ned


Detalj av lomma

Baksida

onsdag 27. juni 2012

Bukse til go'guten

Eg har fått syånda over meg, og har bestilt inn masse tøy i frå Stoff og stil som eg knapt kan vente med å sy i. Problemet er berre å finne tida til det. Men, eg har akkurat rukke å sy ei mjuk og god bukse til go'guten, som skulle være lett og ledig å bevege seg i. Ho er enndå litt stor, men med tid og stunder håpar eg ho vil passe bra. Mønstert tek utgangspunkt i eit joggedressmønster, nr. 81004, i frå Stoff og stil, der eg har endra på beinribben og bytta ut strikk med breidare elastisk "magebelte".

Bukse i stretchstoff med helikopter på
Den grøne elastiske kanten øvst kan også brettast ned, slik
at buksa ikkje blir fullt så høg...

tirsdag 26. juni 2012

Bryllaupskort

Endeleg er det tid for litt blogging igjen! Denne gongen har eg laga eit bryllaupskort til ein tidlegare kollega som skal gifte seg i aller næraste framtid :) . Tenkte då eg laga kortet at det gjerne måtte passe med eit kort utan for mykje stæsj på til henne, at ho gjerne likar det litt enklare. Men, kan hende tar eg feil... Slik blei uansett resultatet:
Eit kort i forskjellige nyansar av kvitt og sølv.
(Fargane på biletet lyg noko...)

tirsdag 1. mai 2012

Elefant på bestilling

For nokre månader sidan fekk eg ei bestilling på å sy ein elefantbamse tenkt til ei lita jente som ikkje er født ennå. Sidan det er snakk om ein liten jentebaby, kom oppdragsgjevar og eg fram til at det måtte bli noko rosa på elefanten. Oppdaragsgjevar fekk sjølv velge blant tøyet eg hadde til rådighet, og resultatet blei slik:

onsdag 11. april 2012

Fire nye elefantar

Fire nye elefantar berekna til vognpynt er ferdige.










"Hippiefanten"
"Blomsterfanten"
"Elefanten"
"Rutefanten"








































onsdag 28. mars 2012

Prosjekt barnerom: Pute til stolen i lesekroken

Barnerommet til go'guten byrjar å ta form, men det dukkar stadig opp nye idear til ymse prosjekt der inne. Siste tilskot er ei elefantpute til den gamle lenestolen i lesekroken. Målet var at puta skulle stå i stil med elefanturoen eg laga for ei tid tilbake.
Tre elefantar er applikert på puta.
Her høyrer puta til; i lesekroken :)
Puta i sovekroken. Uroen i taket og puta er
sydd av same type tøy for å matche kvarandre. 

tirsdag 20. mars 2012

"Prikkefanten" - ein elefant til barnevogna

På arbeidsrommet/kontoret har eg to plastkassar med tøy som berre ventar på å bli teke i bruk. I fleire år har det faktisk lege slik og venta. Difor passar det bra at eg framleis er i elefantmodus. Dei passar ypperleg å sy når ein vil bruke opp gamalt restetøy, ja, og nytt tøy også, for den saks skuld :) . Nedanfor er eit eksempel på ein turkis elefant med kvite prikkar. Derav namnet "Prikkefant"...

Elefanten held hus i ei eske som liknar han sjølv 

Ei lita bjølle er festa på opphengstråden for å lage lyd når ein kjem borti elefanten