tirsdag 31. januar 2012

Elefantar i mange variantar

Eg er inne i ein elefantperiode for tida. Prosjektet er eigentleg å lage ein uro med elafantar til vesleguten som eg fekk idéen til i eit syblad. Men, udervegs dukka det opp ein ny idé om å lage elefantar til å henge i barnevogner. Vidare følgjer ein del bileter av denne prosessen. Bilete av den ferdige uroen til vesleguten kjem når eg er ferdig med den.





Det byrja med at eg teikna eit mønster av ein forenkla elefant, som eg så overførte til eit stykke tøy som blei sydd saman på maskin.






Deretter valgte eg meg ut broderitråd i ein kontrastfarge eg syntes passa til tøyet. Så sydde eg tungesting rundt heile elefanten og øyrene til elefanten slik at eg fekk fram ein fin kontrasteffekt, noko som små barn kan like å feste blikket på.











For å lage oppheng til vognpynten trengte og gjorde eg følgjande:

Runde treknottar



Klype

  
 



Tøy til å kle treknottane med














Slik blei nokre av resultata:


Ei bjølle blei hengt på for å gi lyd når ein kjem borti elefanten. 



"Sju elefantar kom marsjerande..."



"Flowerpower-elefant"













Øyredobbar med eske

Til jul laga eg to sett med øyredobbar i julegåver til mine to svigerinner. For å gjere litt meir utav det, laga eg to esker som skulle passe til kvar av dei to øyredobbpara:

        





Eske til det blå øyredobbparet



















Eske til øyredobbane i klart glas og sølv