tirsdag 28. februar 2012

Vognpynt

Eg er framleis inne i babyleikemodus, og har ikkje slutta med å lage små elefantar. Men, for å prøve noko litt anna, teikna eg eit mønster av ein katt som eg også ville lage vognpynt/vognleike av:

Mønsteret av katten

















Det ferdige resultatet





















Katten har fått ein lapp på rumpa, og ei bjølle rundt halsen som lagar lyd når ein kjem borti. Rundt heile katten er det sydd tungesting i mørkblå broderitråd.

torsdag 9. februar 2012

Prosjekt barnerom fortset

Go´guten vår treng meir lys på rommet sitt. Han treng ein lampe som ikkje gjer alt for sterkt lys. Eg kom på ein gamal utgått Ikealampe me hadde ståande på loftet. Etter å ha teke ein rask kikk på den, tok det ikkje lange stunda før eg innsåg at den trengde eit aldri så lite "ansiktsløft". Det kom i form av farga papir, lim og ei bittelita, raud marinøne...

Slik blei resultatet




Slik såg lampa ut før
Nærbilete av skjermen

Huskort

Eit kort med hus og hage blei overrekt ein kjær, gamal studiekamerat av meg som har kjøpt seg hus, og som eg fekk gleda av å sjå med eigne auge for kort tid sidan.


Her har eg brukt papir i frå eit blad som inneheld papir og trykk av bra kvalitet. Bordkledninga består av to typar papir, der det brunraude papiret er klipt opp i strimlar og limt oppå eit rektangel av raud kartong. Vindauget er klipt ut frå eit bilete av eit hus og limt oppå "bordkledninga". Blomane var svært enkle å få til, dei er nemlig kjøpt ferdige ;)

mandag 6. februar 2012

Prosjekt barnerom

Vesleguten vår har fått sitt eige rom, og eg kan glede meg over å få innreie det! Eg kjenner eg blir reint nostalgisk når eg held på med det, eigne barndomsminner strøymer på :-) . Særleg stas er det å finne fram leiker som både eg sjølv og mannen min leika med som barn! Arbeidet med barnerommet er også ei stor inspirasjonskjelde til å lage eigne ting til å ha der inne.

Kassaapparat og komfyr av eldre dato














Dokkevogna og eit par bamsar frå eg var lita







Elefanturo til barnerommet:
Men, barnerommet skal også innehalde ting av nyare dato. Elefanturoen eg har jobba med den siste tida er endeleg ferdig, og slik blei resultatet:


















Litt av prosessen:

Desse tynne tepinnane skulle bli ringopphenget

Her er dei blitt kokt og forma til ein sirkel

Sirkelen blei så dekka med raudt garn
Elefantane, perler og bjøller er klare til oppheng