søndag 24. november 2013

Perlepynt

Eg har blitt inspirert av nokre hjarter barna på jobb har laga. Eg har lenge tenkt at eg ville prøve å lage desse perlehjartene, og då barna på jobb starta å lage liknande hjarter forrige veke, måtte eg berre prøve sjølv då eg kom heim ;) . Slik vart nokre av mine:


***





***





tirsdag 19. november 2013

Julemesse

Førstkommande søndag skal eg være med på julemesse på Stegaberg, ein nedlagt skule i Tysvær kommune. Då må eg jo ha noko å selge, så den siste tida har eg sydd på julehjarter som kan hengast opp. Tanken bak hjartene på biletet rett nedanfor er at dei skal forestille pepparkaker, der den kvite saumen rundt skal illustrere glasur.


***



***


***

Eg har heldigvis ein del eldre ting liggande også, som eg vil prøve å selge. Her er noko av det:

Vognpynt

Fletta spisebrikker

Keramikkopp med skål til barn eller den barnslige

Akvarellar til barnerommet


Handmåla glaskule

Julekort

Dette var ein liten smakebit. Dei som er interesserte i sjå meir kan jo ta turen til Stegaberg søndag den 24. november fra klokka 12:00-16:00.












søndag 3. november 2013

Julekort med juletrær

Eg er svært glad i jula, og i år har eg tenkt å være tidleg ute slik at eg rekk å lage iallefall noko av det har planar om. Kvart år skjer det same; eg har lyst å lage både det eine og det andre, men når julafta er der, har eg knapt fått byrja på nokre av prosjekta i det heile. Nei, i år skal det bli andre boller ;) . Eg  startar forsiktig, med julekort med enkle, men, forhåpentlegvis, stemningsfulle julemotiv. Her kjem to eksemplar der juletrær står i fokus:



lørdag 2. november 2013

Endå litt meir gøy med knappar!

Jula nærmar seg sakte men sikkert, og det er greit å vere tidleg ute med nokre juleforberedelsar. Igjen har bruk av knappar stått i fokus. Denne gongen gjer dei si nytte som snømenn på julekort:



***

Gøy med knappar!

Eg hadde ei farmor som gjerne tok vare på ting. Var kjolen blitt utsleten eller blusen for liten, tok ho gjerne godt vare på knappane. Alle desse knappane har eg no i hus, og dei kan brukast til så mangt. Også til kortlaging :) . Vidare følgjer ein del bileter av kort der knappar har blitt flittig brukt:


- Tusenbein -



"Tusenbein gikk ut i sølevær,
han ble våt på alle sine tær.
Han fikk snue etter han kom hjem, 
lå i feber førti komma fem.

Da kom doktor Svine Pigge-Pigg, 
han ble sint og gryntet "bare ligg"! 
Hvordan kan du finne på å gå, 
uten støvler og kalosjer på?

Ja, men doktor, det må du forstå, 
at skal jeg ta tusen støvler på, 
ville jeg antakelig bli klar
til å gå på tur i januar.

Ja, ja, ja sa Svine Pigge-Pigg,
hold deg varm og vær så snill og ligg. 
Doktor Pinnsvin tenkte og forsto,
det er lett for den som går på to." 


***


- Med krøllet hale... -



"Med krøllet hale og nesevis
i bingen springer en gris.
I søla den ruller seg inn,
og tramper med alle de
fire små bena i maten sin,
du store min,
og fysj, fysj a meg for en gris du er!"




***


søndag 22. september 2013

Luer til å gi bort

Då eg var så godt i gang med å sy lue til min eigen gut, sydde eg også to luer til å gi bort til eit syskenpar som nett har fått seg ein liten bror. Så, saman med babybukse og smekke blei det lagt ved to luer til dei stolte storesyskena. Eg tok meg den frihet å ta bilete av den eine lua med go'guten min som modell...


 
***


 
***
 
Responsen frå den nye eigaren av helikopterlua på seiast å vere svært god: Den hadde fått bli med oppi senga om natta ;)

Lue med kyr på til go'guten

Go'guten veks til, og tidlegare luer eg har sydd til han byrjar å bli for små. Difor var det tid for å sy ei ny og større ei som kan brukast utover hausten. Valg av motiv på lua falt på nokre artige kyr, og eg håpar dei vil vere med på å varme godt på øyrene til finaste guten :)

 
***

Bukse og smekke til ein gutebaby

Eg har sansen for bukser med god strikk i linninga til små barn og babyar. Dei er mjuke å ha på og sit godt på plass, og dei kan brukast lenge. Det gjer liksom ikkje noko om dei er litt store og posete i byrjinga. Go'guten vår har hatt fleire av denne typen bukser. Desse buksene er enkle og raske å sy, og er kjekke å gi bort i barselgåve.




 
***
 
Også ei smekke blei lagt ved i gåva til den vesle babyguten. Baksida er sydd i jersey stretch i same farge som på bukselinninga.
 

 
  

mandag 19. august 2013

Tre kort til forskjellige anledningar

Bursdagskort


 

 
***
 
Babykort
 
 

"Lykkeliten"-kortet har eg laga ein variant av tidlegare, men då var alle blomane forenkla til ein heilt rund form. Denne gongen valte eg å gjere dei litt meir realistiske og gav dei ein meir tradisjonell blomeform.

tirsdag 23. juli 2013

Sommarlege gåvelappar

Det flotte sommarveret har gitt meg sommarleg inspirasjon. Resulatet vart gåvelappar med sommarfuglar på. Sommaren er jo høgsesong for alle moglege slags festligheter, og då kan det jo vere lurt å ha nokre gåvelappar eller små kort på lur...


Nokre fargerike variantar
 



 
 
***

Ein heilt enkel variant
 


 
 
***

Sjølve sommarfuggelen er stansa ut ved hjelp av ein utstansar som ikkje kuttar ut heile motivet. Slik blir det mogleg å brette opp sommarfuggelen sine venger og ein fin skuggeeffekt oppstår. Dette kjem særleg godt fram i den enklaste varianten av gåvelappane. For å forsterke hola der ein kan træ ein eventuell tråd i gjennom, har eg satt i metallmaljer - både funksjonelt og dekorativt...

torsdag 18. juli 2013

Det blømer i hagen

"Å leve er ikke nok.
Solskinn, frihet og en liten blomst må man ha."
 
- H. C. Andersen -

***








***
 
"Idas sommarvisa"

Du ska inte tro det blir sommar,
ifall inte nån sätter fart
på sommarn och gör lite somrigt,
då kommer blommorna snart.
Jag gör så att blommorna blommar,
jag gör hela kohagen grön,
och nu så har sommaren kommit,
för jag har just tagit bort snön.


- Astrid Lindgren -

***
 
 
 

Med nokre stemningsbileter frå ein sjeldan varm dag i hagen, er det berre å håpe på at resten av sommaren måtte bli minst like bra!