torsdag 28. februar 2013

Genser og bukse til go'guten

Ein god del nye stoff er komne i hus, og fingrane klør verekelg etter å ta i bruk overlocken igjen. Eg har fått tid til å sy eit sett med genser og bukse til go'guten, der kvite og raude kyr har vore tema. Som vanleg er buksene noko store, men det skal ikkje ta for lang tid før dei vil passe bra ;)

Genser med kyr. Trykknappar vil etter kvart bli satt inn i halsopninga.
 
 
Bukse med ku på låret

Go'guten med dei nye kleda på

No gler eg meg til neste prosjekt: Å sy ein lys og lett sommarkjole til meg sjølv. Dagane har dessverre ikkje mange nok timar til å få gjort alt ein vil og burde, så det gjeld å utnytte dei få ledige stundene ein har til rådighet...

"Hurrakort" med blomar

I desse vårlege tider har eg latt meg inspirere til å lage eit kort med blomar på. Igjen er det snakk om eit enkelt kort laga under same lest som dei forrige.

Blomar i diverse blåtonar med rhinstein i midten
 
 
Innsida av kortet; ein enkel blome med god plass til å skrive

tirsdag 12. februar 2013

"Rosarutefanten"

Endå ein elefant har sett dagens lys. Den har riktig nok lege halvferdig ei god stund, men i går fekk den eit oppheng med perle og bjølle. Ein søt liten "Rosarutefant" til å feste på barnevogna:
"Rosarutefanten"
Konturane rundt sjølve elefanten og øyrene er brodert med lysegørnt broderigarn for å gi ein fin kontrast til alt det rosa. Det grøne går også igjen i perla som er festa til opphenget. Eg trur nok den vesle elefanten vil fungere fint som eit lite blikkfang for babyen oppi vogna...

søndag 10. februar 2013

Hjartekort

Etter å ha fått solgt tre kort på "Epla" (JIPPI!), har eg blitt veldig inspirert til å lage endå fleire kort. Kortet med hjarteblomane nedanfor er eit av dei eg fekk solgt, og no vil eg lage fleire rundt same lest; enkel dekor ramma inn med tusj og ulike typar handskriven tekst. Bilder av desse vil komme etter kvart...

"Lykkekort" med hjarteblomar og marihøne
Stengelen på blomane er forenkla ned til ein enkel tusjstrek

fredag 8. februar 2013

Det nærmar seg...

...morsdag og valentinsdag. Nedanfor kjem to eksempel på kort som kan passe til desse anledningane :)

Kort til ho mor, med marihøne
Kort til ho mor, utan marihøne
Kort til ein man elsker...