søndag 28. april 2013

Nye vårluer til go'guten

Det byrjar så smått å bli litt mildare i lufta, og go'guten kunne trenge nokre tynnare luer. Eg fann ei enkel oppskrift på nettet som eg tok utgangspunkt i. I løpet av halvannan time hadde eg sydd to doble luer som skal få pynte opp eit allereie vakkert hovud ;) . Luene er sydd i Jersey stretch frå Stoff & Stil. Eg har meir tøy med andre motiv liggande, så det dukkar nok opp nokre nye variantar i næraste framtid. Slik vart uansett resultatet av dagens produksjon:



 
Først ute er ei kvit lue med svarte strekteikningar av forskjellige typar monstre. Ei lys og lett lue som kan passe no på våren.
 
-----
 
 
Ei kvit lue med bondegårdsmønster passar også godt til årstida vi no er inne i. Det store spørsmålet no er om eg blir nødd til å sy i snorer slik at lua blir verande på hovudet. Go'guten var nemleg ikkje særleg interessert i å ha luene på hovudet før bildene vart tekne. Heldigvis var det heilt greitt å ha dei på då far i huset fann fram kameraet sitt og byrja å knipse!
 
-----
 





søndag 21. april 2013

Kjole til fest...

...eller kanskje til ein varm sommardag. Det var ein lett sommarkjole som var i tankane mine då eg byrja å sy på kjolen for nokre veker sidan. Eg fall for eit tekstil i kvitt/offwhite med svarte litt barnlige strekteikningar på, som eg kjøpte på Stoff & Stil. Mønsteret til kjolen fann eg også her. Då kjolen endeleg vart ferdig, såg eg at det vart like mykje ein finkjole som ein sommarkjole. Foret inni, saman med det litt tjukke tekstilet sjølve kjolen er sydd i, gjer den både litt varm/tett å ha på og "tung" i fallet. Så, den endar kanskje opp med å bli brukt mest til stas...