torsdag 19. juni 2014

Portemonet

På Stoff & Stil sine heimesider fann eg gratis mønster på tre portemonetar i ulike storleikar. Planen er å sy alle tre, og her kjem nokre bileter av den første og minste modellen eg har sydd:

 

 
***
 
 
 

Dersom ein ønsker å bli kvitt rester av tøy ein måtte ha liggande, passar det å sy ein portemonet ypparleg. Det er ikkje så mykje tøy som skal til. Det prikkete tøyet eg har brukt på utsida av portemoneten er i frå eit ubrukt kjøkkenhandkle kjøpt på Ikea for mange år sidan. Det svarte fòrstoffet har også, endeleg, fått kome til sin rett etter å ha lege på vent i årevis...

fredag 13. juni 2014

Babysett

Go'guten skal bli storebror i sommar, og eg har fått sylysta over meg. Det har resultert i eit babysett beståande av bukse, lue og smekke i mjuk jerseystretch. Eg prøvde å forminske storleiken på buksa frå 0.5 år til nyfødt, og lua er sydd etter eige hovud. Så vil tida vise om dei vil passe...