tirsdag 1. desember 2015

Juleforberedingar 2 - Juletrær

Kalenderen viser 1. desember - JULEMÅNADEN! Og, her i huset går det mykje i jul for tida. Eg hadde  mellom anna store planar om å delta på julemessa i Saudahallen, i heimbygda mi Sauda, forrige helg. Men, diverre la omganssjuke i huset ein stoppar for desse planane. Etter å ha lagt ned ein heil del tid og arbeid i å lage nye ting til nettopp denne messa, var det ekstra trist å måtte melde avbod! Eg håpar på å komme sterkare tilbake neste år! I dei neste blogginnlegga frametter vil eg vise noko av det eg har laga den siste tida, som skulle ha teke turen til Saudahallen:


- Vinterskog -






- Dekor på lysfat -




- Bilete -


***


Juletrea har eg klippa ut av kvit filt. Deretter har eg sydd på snøfnuggborder med sølvtråd på symaskin. Stammane med fot er saga ut av gran. Rhinsteinar i forskjellige former og fargar er limte fast som juletrepynt.

mandag 2. november 2015

Juleforberedingar 1 - Fyrstikkeskenissar

Kalenderen viser no november månad, og det nærmar seg sakte men sikkert jul. Ja, ja, sakte og sakte; tidlegare erfaringar fortel meg jo at tida frå byrjinga av november og fram til adventstida går skummelt fort! Difor er eg tilhengar av å vere tidleg ute med ein del juleforberedingar. I år har eg planar om å være med på ei julemesse i heimbygda mi Sauda. Eg må berre få somla meg til å melde meg på. Eg har delteke på nokre julemesser tidlegare år også, så eg eg har ein del ting liggande som eg vil prøve å selge, men så har eg lyst å lage litt nye ting også. Dagens prosjekt har vore å lage fyrstikkeskenissar:


- Fyrstikkeskenissar -





- Inspirasjon -


Fyrstikkeskenissane er inspirert av ei leike eg
 kjøpte for fleire år sidan - ei mus som ligg oppi ei 
fyrstikkeske laga av tre, frå merket "Maileg".



- Litt prosess -







Det byrja med ein piperensar og ei lita trekule. Piperensaren forma eg til slik at eg enda opp med noko som ser ut som bein, kropp, og armar. Deretter surra eg garn i forskjellige fargar rundt piperensaren. Jakken og lua er laga av filt, og lua har fått ei lita bjølle i toppen. Oppi fyrstikkeska er det sydd ei lita madrass, pute og dyne med blonde på. 

søndag 13. september 2015

Nye antrekk til go'gutane

Eg synest det av og til kan være koseleg å kle borna i like klede, og ser at storebror óg, enn så lenge, synest det er litt stas når han og litlebror matchar kvarandre. I vår sydde eg difor like genserar og bukser til go'gutane, som eg endeleg får blogga om no. Buksene er sydd i eit fint bomullsstoff som eignar seg fint til å sy vårlege og sommarlege klede av. Genserane er sydde i deilig jersey som det er god stretch i. Storebror fekk velje knappar til begge buksene og var storfornøgd med dinosaurmønsteret på genserane! Og, litle broremann, han smiler og er no fornøgd uansett kva mamma måtte finne på å kle han i (enn så lenge) ;-)


- Storebror -








- Brødre -




- Litle broremann sine bukser -




***


lørdag 1. august 2015

Luer og pannebånd til storebror

Tidleg i vår laga eg to nye vår- og haustluer, og eit pannebånd til storebror i huset. Lite visste eg då at dei ville være like aktuelle å bruke midt på sommaren! Storebror er svært glad i traktorar og gravemaskinar. Ja, stort sett alt som har hjul og kan køyre, grave og heise opp engasjerer storebror. Tema for luene vart difor nettopp traktor, medan pannebåndet skil seg ut med musikk som tema.


 - Blå traktorlue -






 - Raud traktorlue med navn -






- Pannebånd -




***



Eg må til slutt få tilføye eit bilete av storebror med raud traktorlue på pappa sin gamle, raude Massey Ferguson traktor. Traktoren nærmar seg 40 år, men har blitt teken fram frå gløymselen, og nyt no merksemda den får hjå ein ny generasjon ;-)

torsdag 30. juli 2015

Veske i bursdagsgåve

Eg har funne ut at å lage mønster til si eiga veske eller sitt eige nett ikkje er særleg avansert eller vanskeleg, og veska/nettet eg her vil vise er det andre eg lagar ut i frå eige mønster. Den er enkel i forma, men eg prøver å få kreativiteten min ut i dekoren, i form av lommar og anna funksjonell "pynt". Ja, for det er viktig at veska er funksjonell, slik at ho vil bli brukt av mottakaren.


- Ferdig resultat -





- Veska "i bruk" -


***



***

Veska er sydd i eit kraftig svart/mørkegrått bomullsstoff, med kraftige ripsband som handtak. Ho bør difor være ganske slitesterk. Stor er ho også, og eignar seg slik sett svært godt til å brukast som handlenett. I fóret er det sydd fast ein lomme som kan lukkast igjen med ein trykknapp. Her kan bankkort, pengar, mobiltelefon og liknande oppbevarast. Sjølve veska kan også lukkast igjen ved hjelp av ein dekorativ knapp. Denne knappen har eg kledd i same stoff som ytterlomma er sydd av. Denne gjentakinga av fargar og mønster vart prikken over i-en på veska synest eg ;-)

tirsdag 21. juli 2015

Den fyrste bursdagen

Det har vore stor feiring, ja, faktisk fleire feiringar, av minsteguten sin aller fyrste bursdag. Han har  altså nettopp blitt eitt heilt år gamal. Det er stort! Mor i huset har i denne anledning laga nokre ting til den store dagen.


- Krone må ein ha -






***


- Pynt til bursdagsbordet -





***


- Kort til go'guten -




***

mandag 15. juni 2015

Bokstavvimpel til ei lita prinsesse

Denne bokstavvimpelen er no overrakt til ei lita prinsesse som kom til verda for nokre månader sidan. Avstanden på bokstavane og blomane kan justerast, alt etter kor long vimpelen bør vere der den skal henge. Dette var forøvrig eit veldig hyggeleg, lite prosjekt å jobbe med. Å jobbe og leike med forskjellige farge- og mønstersamansetningar fell i god smak hjå underteikna. Trenden no for tida er jo at ein gjerne ikkje skal ha særleg med farge på ting til huset. Denne trenden føler eg og at eg kan sjå på klede og leiker til barn. Det skal gjerne være duse fargar, og mykje grå- og brunnyansar. Små barn elskar jo fargar og kontrastar, så eg går for det fargerike. Så får eg berre håpe mottakaren ser det på same vis ;-)



- Ferdig produkt -



***



***



***