tirsdag 24. mars 2015

PÅSKEPYNT/VÅRPYNT

Våren er her. Det er ei deilig tid, synest eg! Ja, faktisk så vil eg gå så langt som å påstå at det er mi favoritt årstid. Eg synest rett nok at alle dei fire årstidene har sin sjarm, men det er noko spesielt med våren. Ting vaknar til live igjen; blomane spirer, trea byrjar så vidt å få eit svakt grønskjær, og fuglane, som forlot oss i kulda til fordel for varmare strok, vil etter kvart vende attende. Fuglekvitter er eit klart vårteikn for meg, og nettopp fuglar har vore tema for mitt siste prosjekt: Små fuglekassar som kan brukast både til påskepynt, men som og toler å få bli hengande utover våren og sommaren.


Små fuglekassar på rekkje og rad


***



***







***

Dei små fuglekassana er laga av tjukk grå papp som eg deretter har lima papir i vårlege fargar over. Til tak har eg valt eit tjukt papir i sølv som skal illudere eit sinktak. Pinnen som stikk ut under inngangen til fuglekassen er ein bit av ein tregrillpinne.

Eg synest sjølv at fuglekassane fekk fram vårstemninga og påskestemninga som eg ønska, og med det gjenstår det berre å ønske alle ei GOD PÅSKE!

torsdag 19. mars 2015

Pute med store knappar

Inspirert av putene frå "Hay" og putene som min gamle studiekamerat, som står bak bloggen "PåGløtt", lagar, har eg no laga mi eiga pute til å ha i sofaen i stova.


 -Framsida-







-Baksida-



***

Innerputa er ei dunpute kjøpt på Ikea, det same er linstoffet puta er sydd av og stoffet som knappane er trekt med. Biseband og overtrekksknappar er kjøpt på Stoff & Stil. Med andre ord blei det ei ganske rimeleg pute. Teksten på knappane har eg overført til stoffet med rammelim, ein veldig kjekk overføringsteknikk. Då kan ein skrive ut tekst og bileter og overføre til stoff og andre materiale på ein rimeleg måte :-)

tirsdag 17. mars 2015

PÅSKEKORT

Det nærmar seg påske, og eg har kost meg med litt påskeaktivitetar. Eg har laga påskekort i tre forskjellige format som eg har lagt ut for sal på epla.no. Her kjem nokre bileter av resultata:


- Gåvelappar -





- Påskekort -

  
***





Helene Harefrøken
"Helene Harefrøken glad og lett,
og søt og vimsete og sommerkledt-
Hun har tatt den hvite vinterkåpen av
og sommerdrakten har hun førstegang i dag.
Brun over, og grå under
og lyselyserød på snuten."



tirsdag 3. mars 2015

Sengesett ein liten prins verdig

I Stoff & Stil sin boligkatalog for høsten 2014 la eg merke til eit barnesengesett eg berre fall for med ein gong eg såg det:

- Inspirasjon -

Det blå sengesettet i frå katalogen

I mine auge er det berre heilt nydeleg! "Dette skal eg sy", sa eg til meg sjølv, og tenkte det skulle bli ei enkel og rask oppgåve. Det var før eg skjøna at det nydelege bandet som er sydd på ikkje kunne kjøpast ferdig, men skulle broderast for hand. Kveldane etter at minsteguten kom til verda gjekk dermed til å brodere. Sengesettet er sydd etter eigne mål, men eg har tatt utgangspunkt i biletet ovanfor.

Sengesettet er sydd i to forskjellige bomullsstoff i herleg, mjuk kvalitet. Godt og mjukt inntil ein liten barnekropp. Vidare følgjer ein del bileter av det ferdige resultatet:


- Resultat -





- Utsnitt -


Eg valte å sy på biseband rundt putetrekket


- Sengesett ein liten prins verdig -

Då må berre minsteguten vekse ut av vogga slik at han får sove her