onsdag 29. april 2015

HEKLA FANTORANGEN TIL STOREBROR

Heilt sidan storebror var ganske liten har han vore stor beundrar av Fantorangen. Eg kan framleis hugse korleis han som baby stoppa opp med det han heldt på med då Fantorangen kunne høyrast og sjåast på TV. Han fekk eit begeistra smil om munnen. Me kjøpte då ein Fantorangenbamse til han, som han har vore svært glad i. Då han oppdaga biletet av Fantorangen i den nye hekle- og strikkeboka mi, gav han klar beskjed om at ein slik ville han ha. Det kunne jo ikkje mammahjarte motstå, og sette i gong med å hekle ;-) . Det var ei ganske omfattande oppgåve. Ikkje berre skulle eg forstå mønsteret og hekle; alle kroppsdelane skulle også sys saman. Men no er kosedyret ferdig, og storebror er storfornøgd!



-"Bli med Fantorangen i dag, og få det snibel, snabel, snubel bra..."-





-Ein storfornøgd storebror-


tirsdag 21. april 2015

HEKLEDILLA - Uro til minsteguten

Eg er i heklemodus for tida. For nokre månader sidan kjøpte eg boka "Lag favorittfigurene fra Barne-TV", av Lise Nymark. Her er det oppskrifter på alt frå gode, gamle Flode til Fantorangen. Sistnemnde vil det snart koma eit eige blogginnlegg om. Uansett, i denne boka var det oppskrift på to fiskar, som,  eg har skjøna i ettertid, er med i introen til Barne-TV. Eg fann ut at desse fiskane måtte bli fine som ein uro til å ha i vindauget til minsteguten. Eg sette saman fargar eg synest harmonerar godt saman, og som ville gjere seg godt på babyguterommet.


-Resultat-




-Detaljar-





"-Har du hørt historien om de tre små fisk-"




***

Eg har trædd på vattkuler på trådane som fiskane er hengde opp etter. Desse skal illudere bobler, og er med på å gjere uroen meir spanande å kikke på. Bjøllene som heng i enden på dei tre trådane gir ein fin lyd.

tirsdag 7. april 2015

Hekla babyrangle til minsteguten

I boka "Kreativ mamma - bloggernes beste hobbyprosjekter" av Karine Østtveit, fann eg ei oppskrift på ei fin babyrangle utforma som ein apekatt. Denne har eg no prøvd å lage sjølv. Den vart på ingen måte like flott som den i boka, men øving gjer meister, eller noko slik...;-)


-Ferdig resultat-





-Rangla "in action"-



Eg ser at handtaket på mi rangle, av ein eller annan grunn, smalnar litt for mykje på slutten, slik at hovudet blir litt vel tungt å halde oppe av den spede kroppen. Resulatet er difor ein apekatt som ser noko trist og lei seg ut. Neste gong vil eg lage kroppen litt kortare og vidare. Eg vil og prøve å hekle litt stramare slik at vatten inni ikkje viser så godt gjennom hola. Minstemann var no uansett storfornøgd med si nye leike, og det er no det viktigaste!