tirsdag 12. mai 2015

Minner...

Eg må berre innsjå at minsteguten ikkje er ein liten "baby-baby" lenger. Han byrjar faktisk å bli ein stor baby, snart 10 månader gamal. Det er fantastisk å sjå på utviklinga han har hatt, samstundes som det er vemodig når han veks i frå fine klede og liknande som det har vore så kjekt å kle han i. Eit eksempel er dei nydelege strikkavottane me fekk frå helsestasjonen då minsteguten vart fødd. Eg har aldri drista meg til å prøve og strikke noko meir avansert enn luer, med unntak av eit par sokkar til meg sjølv som eg sikkert byrja å strikke på for 10 år sidan utan og ha klart og strikke dei ferdig enno. Difor set eg ekstra stor pris på dei få strikkaplagga me har. Resultatet vart difor at eg valte å rame inn dei fine vottane som eit minne frå då minsteguten var nyfødd.


 - Strikkavottar -




- Frå dåpen -




Medan eg var i mimremodus og i det nostalgiske hjørna, rama eg også inn eit par minner frå minsteguten sin dåp, som var i oktober 2014. Svigerinna mi laga ei nydeleg dåpskake, der noko av pynten blei teken vare på. Etter å ha tørka lenge og blitt hard, rama eg inn kakepynten. Kortet eg laga til dåpsbarnet vart også til eit bilete. 

Med like ramer og same fargeskala, passar dei tre bileta godt saman. Dei vart difor hengt opp på minsteguten sitt rom som ein serie.


- Minner på rekkje og rad -







tirsdag 5. mai 2015

SOMMARKJOLE TIL MOR I HUSET

I fjor sommar kjøpte eg meg eit kjolemønster og tøy til å sy kjolen av på Stoff & Stil. Sidan eg var høggravid på det tidspunktet, fann eg ut at det var best å vente med og sy til figuren var, meir eller mindre, tilbake til det normale. No har eg endeleg fått sydd meg kjolen, og bileta nedanfor viser resultatet.


 - Resultatet prøvd på ho mor sjølv -




***





Tøyet er lett og mjukt, og i ein herleg stretchkvalitet. Eg ser for meg at kjolen vil bli god å ha på seg ein varm sommardag. Så, no kan berre sommaren komme ;-)