mandag 15. juni 2015

Bokstavvimpel til ei lita prinsesse

Denne bokstavvimpelen er no overrakt til ei lita prinsesse som kom til verda for nokre månader sidan. Avstanden på bokstavane og blomane kan justerast, alt etter kor long vimpelen bør vere der den skal henge. Dette var forøvrig eit veldig hyggeleg, lite prosjekt å jobbe med. Å jobbe og leike med forskjellige farge- og mønstersamansetningar fell i god smak hjå underteikna. Trenden no for tida er jo at ein gjerne ikkje skal ha særleg med farge på ting til huset. Denne trenden føler eg og at eg kan sjå på klede og leiker til barn. Det skal gjerne være duse fargar, og mykje grå- og brunnyansar. Små barn elskar jo fargar og kontrastar, så eg går for det fargerike. Så får eg berre håpe mottakaren ser det på same vis ;-)



- Ferdig produkt -



***



***



***



søndag 7. juni 2015

Medan me ventar på sommarvarmen...

...har eg sydd ei herleg kortbukse med matchande tversoversløyfe til litle broremann. Mønster til kortbuksa fann eg i den fine boka "Babylykke - Søte klær og delikat utstyr til de minste", av Randi Ballangrud. Eg har valt å sy lommar på min versjon. Tversoversløyfa er laga etter eige hovud ;-) :



- Litle broremann som modell -





- Produkta -





 ***


Kortbuksa er fóra med eit lyseblått stoff med små stjerner, og er sydd slik at buksa er like fin på vranga. Den kan difor brukast på begge sider, om eim skulle ønske litt variasjon. Då er det berre å vente på sommarvarmen, slik at go'guten kan ta den ordentleg i bruk...



tirsdag 2. juni 2015

Barnerom på lågbudsjett

Då storebror skulle få eige rom kosa både mor og far i huset seg med å innreie det. Førstnemnde kosa seg også med å male om møblar og lage diverse dekor til rommet. Dei siste månadene har rommet til minsteguten stått for tur.

For oss har det ikkje vore viktig at alt skal vere nytt og moderne på barneromma. Me har brukt ein heil del møblar og anna interiør me hadde frå før og som me ikkje hadde plass til andre stader i huset. Rommet til minsteguten er difor ikkje blitt nokon dyr affære. Her følgjer ein stemningsrapport frå minsteguten sitt rom, og til slutt nokre bileter av gjenstandar "før og no":


- Velkomen -




***




***




***


- "Før og no" -



For mange år sidan var denne furukommoden trekvit. Då eg flytta i mi første leilighet mala eg den kvit og kjøpte nye handtak til. For å gjere den endå litt meir barnleg bytta me ut knottane i stål og svart med nokre meir fargerike variantar kjøpt på Ikea for ein del år sidan. Meir skulle det ikkje til, synest eg, før kommoden vart litt freshare.

Lampen oppå kommoden fekk seg også ei enkel fornying. Eit lyseblått satengband med teddybjørnar blei limt rundt nedre kanten på lampeskjermen:


***





Hushyllene over kommoden er ein av dei få tinga med har kjøpt nytt til barnerommet. Dei var eigentleg einsfarga inni, men med litt fint papir med forskjellige mønstre, blei også desse hyllene litt meir leikne og barnlege:

Gyngestolen frå Ikea, taklampa frå TGR og kunsten av den argentinskfødte kunstnaren Nito Vega, som heng over senga, er også nyinnkjøpt. Ellers er det meste, med unntak av enkelte leiker og liknande, ting me har hatt frå før av eller laga sjølve. Poenget mitt med dette blogginnlegget er vel at ein kan få det det triveleg rundt seg sjølv om det ein omgir seg med ikkje har kosta skjorta, eller noko slik... ;-)

Eg må tilslutt få nevne at det nydelege, kvite hjarte som heng på sprinkelsenga ikkje er mitt verk, men sydd av ein tidlegare kollega av meg. Slike barselgåver, som nokon har lagt sjela si i å lage, må eg innrømme er ekstra kjekke å motta...