torsdag 24. november 2016

Produkt til julemesse #3

Laurdag den 26 november, frå kl. 10.00-16.00, er det julemesse i Saudahallen. Eg skal ha ein stand der, og vidare følgjer nokre glimt av det eg vil prøve å selje. Eg kan nevne at juleornamenta i steingods, som det er bileter av rett under her, er dei siste produkta eg har laga som får bli med på årets messe. No setter eg sluttstrek for fleire produkt, så blir det spanande å sjå om dei vil falle i smak hjå andre ;-) . Då er det berre å håpe på godt oppmøte og god stemning på laurdag...



- Juleornament i steingods -







***





- Akvarellar til barnerommet -

"Tommelise" av H.C. Andersen

"De tre bukkene Bruse i solnedgang"

"Den ene bukken Bruse"



- Fuglehus -





- Fyrstikkeskenissar -






- Gåvelappar -




- Pepparkaketre -


tirsdag 22. november 2016

Produkt til julemesse #2

Det jobbes febrilsk mot julemessa som eg skal delta på førstkommande laurdag! Siste tilskot på produktfronten er puter med store knappar på. Rundt putene har eg sydd på biseband, for å få ein kontrast til det mørke møbelstoffet sjølve putene er sydde av. Denne detaljen skapar også eit samspel med dei store knappane som er festa på putene. Vidare følger nokre bileter av nokre av dei ferdige produkta:


- Puter med tekst på knappar -





***




***




***



Putene har knappar på begge sider, og på den eine sida er det knappar med tekst på. Teksten er overført til tøyet som er brukt på knappane med "rammelim". Deretter har eg trekt aluminumsknappane med dette stoffet. Slik kan ein lage seg personlege knappar som ingen har maken til...






torsdag 10. november 2016

Produkt til julemesse #1

Eg har meldt meg på ei julemesse i heimbygda mi, Sauda, og då må eg nødvendigvis ha diverse produkt å selje. Eg vil i blogginnlegg framover vise noko av det eg vil prøve og selje på julemessa i Saudahallen siste laurdagen i november. Her kjem første innlegg:


- Seks portemonetar -


***


For sikkert over eitt år sidan no, sydde eg fleire vesker/nett med dekorative lommar og knappar på. No har desse veskene/netta fått seg matchande portemonetar til å ha pengar, sminke eller andre småsaker oppi. 




- Tre portemonetar med kvar si veske -






***






***







- Tre portemonetar utan veske -



***



***








søndag 6. november 2016

Genser med vintermotiv til storebror

Eg har sydd ein ny genser til storebror, denne gongen med eit mønster som passar godt til årstida vi no snart går inn i; vinter (med eit streif av jul). Som vanleg er stoff og mønster kjøpt på Stoff & Stil.


- Genser til storebror -


 ***



- Storebror med genseren på -


***