onsdag 13. desember 2017

Luciatog i hekla utgåve

Eg har aldri gått i Luciatog. Ei forklaring på det kan være at eg heller aldri har gått i barnehage. Men, no har eg nesten fått draumen oppfylt. Eg har hekla meg mitt eige Luciatog. Du ser vel visse likhetstrekk? 😉



***


- Det ferdige Luciatoget -



***







søndag 17. september 2017

Hekla babyrangler til to prinsesser

To babyrangler er klare til avlevering. Den eine skal eg gi i gåve sjølv, medan den andre har eg fått i oppdrag å hekle. Eg må jo innrømme at det er stas når nokon vil betale for tinga eg lager og gi i gåve til nokon dei er glad i :-) Eg håper ranglene fell i smak hjå mottakarane!



- Rangle med rosa striper -







- Rangle med gule striper -





***



***


Ranglene er hekla i bomullsgarn går Søstrene Grene, og auga, så kalla safety eyes, er kjøpt på etsy.com. Dei skal være umoglege å dra av på grunn av låsemekanismen ein heng auga fast med. Ranglene er fylte med vatt, og inni hovudet er det hekla inn ei bjølle som gir fin lyd i rangla når ein beveger på henne. 




mandag 4. september 2017

Monstergenser til storebror

Også storebror fekk seg ein ny genser i sommar. Denne har motiv med små monster på. Då eg spurde kva farge storebror ville ha på halsutskjæringa og mansjettane, og viste han alternativa han hadde å velje i, svara han alle fargane eg viste han. Resultatet vart då raud halsutskjæring og blå og grøn mansjett på kvart sitt erme. Desse detaljane gjer heile genseren, synest eg.


- Genseren i bruk -





💙💚💙




mandag 28. august 2017

Genser med bondegårdsmotiv

Vesle broremann fekk seg ein ny genser med tilhøyrande pannebånd til tidleg i sommar. Motivet av bondegård med blant anna traktorar på, fall i god smak hjå mottakaren, og den har blitt flittig brukt i sommar. Genseren er sydd i jersey stretch frå Stoff & Stil. Mønsteret er også kjøpt her.


 💙 Vesle broremann med genseren på 💙



💙💙💙




fredag 28. juli 2017

Sommarleg bluse

Eg har sydd meg ein sommarleg bluse med utgangspunkt i eit mønster frå Stoff & Stil. Eg er glad i blomar som mønster på klede, så valet på stoff fall på eit lyst og lett bomullstoff med små blomar på som dekor. 


- Ferdig produkt -

Bluse foran


Bluse bak



***

Knyting i livet


Trykknappar framme



- Blusen i bruk -




Blusen er ganske vid i passformen, så eg valte å sy eit tynt belte til å knyte rundt livet slik at midjen blir meir framheva. Utan belte er blusen fin å ha nedi skjørt og bukser, og eg syns den eignar seg fint både til kvardags og fest.


onsdag 19. april 2017

Hekla babyrangler

Eg er hekta på hekling! Det er så kjekt og anvendeleg å halde på med. Det krev lite plass og krefter, og etter som eg har fått meir erfaring med handarbeidet er det lettare å gå vekk i frå mønster og eksperimentere på eiga hand. Bamseranglene nedanfor var eit koseleg lite prosjekt å hekle, og no får eg berre håpe at dei fell i smak hjå mottakarane når den tid kjem... ;-)


- Hekla bamserangle -



***


***



***


Ranglene er hekla i bomullsgarn, og er laga dels ut i frå mønster og dels ut i frå eige hovud. Augene er såkalla "Safety eyes" kjøpt på etsy.com, og skal vere umoglege for ein baby/eit barn å dra av. Inni hovudet er det hekla inn ei bjølle som ligg inni eit kinderegg. Dette lagar ein passe høg og behageleg lyd når ein beveger på rangla.











fredag 7. april 2017

God påske!

Høner og kyllingar høyrer påska til, synest eg, og nye eksemplar av arten har dukka opp i heimen den siste tida som resultat av små hekleprosjekt. Eg hadde ein idé i hovudet før eg starta med heklinga, og fann eit mønster på nettet som eg tok utgangspunkt i. Etter kvart som ein får erfaring med å hekle, og skjønar prinsippa innan hekling litt betre, blir det lettare å gå bort i frå mønsteret og gjere si eiga greie. Det likar eg. Det er kjekt å ende opp med eit produkt som gjerne ikkje liknar alt anna, og som eg får satt mitt eige preg på...


- Ståande variantar -






- Hanefar -




- Hengande variantar -









- "En liten kylling i egget lå..."-



***



En liten kylling i egget lå
Den banket og banket og banket på 
"Her er det trangt, jeg vil ut og gå", 
pep den og ynket seg der den lå 
Hakk-hakke-hakk
Egget det sprakk
Og en liten kylling ut av det stakk


Undrende sto den og gløttet på
Alt det den ute i verden så
Solen den varmet og skinte på 
marken og fugler og blomster små 
"Pip-pip" den sa. 
"Jeg er så glad! 
Trangt det var i egget, men her er det bra."


GOD PÅSKE!
page1image6376 page1image6536

mandag 27. mars 2017

Påskeegg

Det nærmar seg påske, og for ei dame med ei skulder og ein arm som ikkje spelar heilt på lag for tida, men som likevel kjenner at det klør i fingrane etter å gjere noko kreativt i forhold til temaet påske, gjeld det å finne små aktivitetar som ikkje krev særleg tid eller krefter å gjennomføre. Eit slikt lite prosjekt har ståltrådegga nedanfor vore. Eg har stole idéen til formen på egga frå nokre egg eg såg i den flotte interiørbutikken "Hus i Nord" i Haugesund. Desse egga er i frå danske "Felius Design" og er laga i eit heilt anna materiale enn eg har brukt. Dei er også strame og nøyaktige i formen, medan mine har eit heilt tydeleg håndlaga preg, med sine bulkar og skeivheter ;-)


 - Påskeegg av ståltråd -









- Min inspirasjon -


Påskepynt frå danske "Felius Design"