mandag 25. juni 2018

Nostalgi

Minstemann i huset har fått seg ny seng. Det vil seie at han har fått seg ei større seng som er ny for han, for senga i seg sjølv er nok nærmare 80 år gamal. Farfar til minstemann har sove i denne senga som barn, og pappaen til minstemann har sove i den, pluss ein heil del andre . Noko anna som er litt artig er at eg, mammaen til minstemann, har sove i ei nærmast identisk seng då eg var lita, og som min morfar laga til sine born.

Begge sengene var i si tid oransje, men er måla kvite no. Senga til minstemann hadde behov for ein liten oppfriskning med måling før den vart teken i bruk, og me klistra på nokre wallstickers for å "pimpe" den opp litt. Med større seng følgjer også større dyne. For nokre månader sidan sydde eg eit nytt sengesett til den nye dyna. Eg prøvde å gjere det så likt som sengesettet eg broderte og sydde til sprinkelsengdyna for fleire år sidan:


- Nytt sengesett -






 - Gamalt sengesett med broderi -





- Trekkutsenga -





Minstemann synest det er stor stas å ha fått seg seng som han klarer å klatre oppi og utav sjølv. Og mor i huset håpar han skal synast det er stor stas ei god stund, slik at senga får bli verande nokre år før ho ikkje er tøff nok lengre. For meg er det ei seng med sjel i ;-)