Den siste tida har mellom anna gått til å sy på fleire bamsar. Eit par av dei har vore tiltenkt vårt nye familiemedlem. Med tre veker permisjon før termindato, trudde eg at eg hadde eit hav av tid til å bli ferdig. Men, den vesle guten vår fekk det travelt, og kom til verda dagen etter min siste arbeidsdag før permisjonen. Elefanten på bileta nedanfor mangla berre auge og raude kinn. Dette er nå på plass og elefanten er nå overrekt til sin rettmessige eigar. Kva han syns er ikkje godt å seie, men dei matcher nå godt i storleiken...