fredag 17. mai 2013

Nokre 17. maiøyeblikk

Sjølv om regnet byrja å øse ned i det barnetoget i Haugesund starta, vart dagen fylt med store og små 17. maiøyeblikk. Her kjem nokre av dei eg og mine har opplevd i løpet av dagen:





 ***
 



***
 

 
 
Det er ikkje berre maten som har stått for den rette stemninga. Det har også finaste go'guten klart ;) :
 


 
Opplæringa av korleis flagget skal handterast får me ta sidan...
 
 
GRATULERER MED DAGEN!


 

torsdag 9. mai 2013

Hurra for 17. mai!

Om ei dryg veke er det 17. mai, og då er det på sin plass med litt pynt og stas. Då må vel ei vimpelrekke vere midt i blinken... Eg har tidlegare sydd ei vimpelrekke til go'guten, då han vart eitt år gamal, men denne gongen ville eg prøve å lage den i papir. Noko som er endå raskare og enklare. Eg hadde håpa eg skulle finne noko papir med raudt og blått som hovedfargar, men med grafiske overflatar. Det hadde eg ikkje på lur, så då falt valet på å printe ut kjende 17. maisongar og nasjonalsongen på dei vimplane som skulle vere kvite. Slik fekk eg ei litt meir spanande overflate på noko av papiret:



***
Vimpelrekka kjem nok til å få henge i gardinstanga ved spisestuen når dagen er her. Saman med eit 17. maipynta spisebord skal det nok bli rette 17. maistemninga i stova :)




***

 Her ser vi utdrag frå songane "Norge i rødt, hvitt og blått" og "Ja, vi elsker". På grunn av den trekanta formen på vimplane blir teksten kutta enkelte stader.

torsdag 2. mai 2013

Ny funksjon for gamle blikkboksar

Blikkboksar kjem i forskjellige storleikar, er runde og fine i formen og ganske solide. Så, kvifor ikkje lage noko funksjonelt og nyttig ut av desse boksane som hopar seg opp og tar plass i heimen før dei blir kasta til metallgjenvinning?


Eg er glad i å lage ting av papir, og har difor masse fint papir liggande. Noko av dette papiret fekk være med på å sprite opp nokre av blikkboksane eg rota fram i metallavfallet me enno ikkje hadde kvitta oss med.


På den minste av boksane er papiret lakka over med decoupagelim. Planen er å gjere det same med dei to største også, slik at overflata blir meir holdbar. Sjølve papiret er berre limt i skøytane slik at papiret ikkje la seg inn i rillene på boksen, men heldt seg slett og fint.
 
 
-----



Boksen med diverse framkomstmidler på er til å ha go'guten sine fargeblyantar oppi. For å gjere overflata ekstra holdbar har eg teke lim over heile boksen og limt arket over. Papiret føyde seg då etter boksen og la seg inn i rillene slik at dei kom til syne.  Det blei ein fin effekt som viser at det er ein blikkboks som ligg til grunn. Deretter lakka eg over med decoupagelim. Då burde fargeblyantholdaren være godt "skodd" til å møte go'gutens, til tider, hardhendte bruk ;) .
 
-----
 


Ein annan variant til å ha fargeblyantane oppi. Her har eg latt med inspirere av nokre koppar eg dreide i keramikk for nokre år sidan.