søndag 22. september 2013

Luer til å gi bort

Då eg var så godt i gang med å sy lue til min eigen gut, sydde eg også to luer til å gi bort til eit syskenpar som nett har fått seg ein liten bror. Så, saman med babybukse og smekke blei det lagt ved to luer til dei stolte storesyskena. Eg tok meg den frihet å ta bilete av den eine lua med go'guten min som modell...


 
***


 
***
 
Responsen frå den nye eigaren av helikopterlua på seiast å vere svært god: Den hadde fått bli med oppi senga om natta ;)

Lue med kyr på til go'guten

Go'guten veks til, og tidlegare luer eg har sydd til han byrjar å bli for små. Difor var det tid for å sy ei ny og større ei som kan brukast utover hausten. Valg av motiv på lua falt på nokre artige kyr, og eg håpar dei vil vere med på å varme godt på øyrene til finaste guten :)

 
***

Bukse og smekke til ein gutebaby

Eg har sansen for bukser med god strikk i linninga til små barn og babyar. Dei er mjuke å ha på og sit godt på plass, og dei kan brukast lenge. Det gjer liksom ikkje noko om dei er litt store og posete i byrjinga. Go'guten vår har hatt fleire av denne typen bukser. Desse buksene er enkle og raske å sy, og er kjekke å gi bort i barselgåve.




 
***
 
Også ei smekke blei lagt ved i gåva til den vesle babyguten. Baksida er sydd i jersey stretch i same farge som på bukselinninga.