Eg er så heldig å ha ei svigerinne som lagar fantastisk flotte og, ikkje minst, gode kaker. Hennar kakeferdigheter kom godt til nytte då go'guten vår blei døypt i haust. Resultatet vart ei vakker marsipankake med flotte detaljar på som fortente å bli teke vare på, i allefall så lenge det lar seg gjere. Så langt ser det ut til at marsipanen berre blir knallhard etter å ha tørka godt:
Dei flotte og detaljrike skoa valgte me å ramme inn i ei "Ribba-ramme" frå IKEA. Den var akkurat djup nok til det vesle skoparet:
![](https://blogger.googleusercontent.com/img/b/R29vZ2xl/AVvXsEhBKPPpS09DICp26akX-6wqz13Gfkd-nyicfHUJg5k_XUlQX1-aqBFKw7zwmmFBP-7PRyMuGr292iM5IjIVezNo80uDXGBHQnOl5zzBKPTegb6LWWbUhsEptB3Op7u7Y1bah7-42agRWig/s320/skobilde2.jpg) |
Skoa limt på eit dekorativt ark med ugle på, og deretter sett inn i ramma |