tirsdag 1. januar 2019

Jul i kule #2

Til jul i 2018 laga eg to nye julekuler til å ha på juletreet. Først ute var ein Mummikule-variant.



- Mummihuset i kule -






- Litt av prosessen -






***


På Søstrene Grenes har eg fått tak i julekuler i klar plast i forskjellig storleik, som ein kan åpne og legge kva man vil inni. I denne kula valte eg eit Mummitema. Huset har eg laga av pappkjernen som er inni ein smell bonbon. Kjernen er kledd med blå kartong og taket er laga med utgangspunkt i ein raud sirkel skjært ut i kartong. Inngangspartiet er laga i kvit papp og tusja på plankedetaljar. Vindauga er klipt ut av kvite klistrelappar og her er det også tusja på litt detaljar. Duploklossen gir eit inntrykk av kor lite huset er. Inni kula valte eg og å setje ein liten kvist som eg malte litt snø på. Saman med den kunstige snøen som er dryssa rundt huset og på taket, er dette med på å illustrere eit landskap rundt Mummihuset.

Julekule #3 vil eg komme tilbake til i eit seinare innlegg :-)


GODT NYTT ÅR!