Viser innlegg med etiketten Babyleiker. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Babyleiker. Vis alle innlegg

søndag 17. september 2017

Hekla babyrangler til to prinsesser

To babyrangler er klare til avlevering. Den eine skal eg gi i gåve sjølv, medan den andre har eg fått i oppdrag å hekle. Eg må jo innrømme at det er stas når nokon vil betale for tinga eg lager og gi i gåve til nokon dei er glad i :-) Eg håper ranglene fell i smak hjå mottakarane!



- Rangle med rosa striper -







- Rangle med gule striper -





***



***


Ranglene er hekla i bomullsgarn går Søstrene Grene, og auga, så kalla safety eyes, er kjøpt på etsy.com. Dei skal være umoglege å dra av på grunn av låsemekanismen ein heng auga fast med. Ranglene er fylte med vatt, og inni hovudet er det hekla inn ei bjølle som gir fin lyd i rangla når ein beveger på henne. 




onsdag 19. april 2017

Hekla babyrangler

Eg er hekta på hekling! Det er så kjekt og anvendeleg å halde på med. Det krev lite plass og krefter, og etter som eg har fått meir erfaring med handarbeidet er det lettare å gå vekk i frå mønster og eksperimentere på eiga hand. Bamseranglene nedanfor var eit koseleg lite prosjekt å hekle, og no får eg berre håpe at dei fell i smak hjå mottakarane når den tid kjem... ;-)


- Hekla bamserangle -



***


***



***


Ranglene er hekla i bomullsgarn, og er laga dels ut i frå mønster og dels ut i frå eige hovud. Augene er såkalla "Safety eyes" kjøpt på etsy.com, og skal vere umoglege for ein baby/eit barn å dra av. Inni hovudet er det hekla inn ei bjølle som ligg inni eit kinderegg. Dette lagar ein passe høg og behageleg lyd når ein beveger på rangla.











tirsdag 7. april 2015

Hekla babyrangle til minsteguten

I boka "Kreativ mamma - bloggernes beste hobbyprosjekter" av Karine Østtveit, fann eg ei oppskrift på ei fin babyrangle utforma som ein apekatt. Denne har eg no prøvd å lage sjølv. Den vart på ingen måte like flott som den i boka, men øving gjer meister, eller noko slik...;-)


-Ferdig resultat-





-Rangla "in action"-



Eg ser at handtaket på mi rangle, av ein eller annan grunn, smalnar litt for mykje på slutten, slik at hovudet blir litt vel tungt å halde oppe av den spede kroppen. Resulatet er difor ein apekatt som ser noko trist og lei seg ut. Neste gong vil eg lage kroppen litt kortare og vidare. Eg vil og prøve å hekle litt stramare slik at vatten inni ikkje viser så godt gjennom hola. Minstemann var no uansett storfornøgd med si nye leike, og det er no det viktigaste!

tirsdag 8. januar 2013

"De tre bukkene Bruse" på "Epla"

Eg har endeleg fått realisert noko eg har gått og tenkt på ei god stund, å prøve seljarlukka på nettbutikken "Epla"! I den forbindelse har eg fått produsert ein del nye akvarellar med "De tre bukkene Bruse" som tema. Dette er små akvarellar meint for barnerommet.
 
Først følgjer fire bileter av fire uinnrama akvarellar.
 

 

















 





 
 


 




















Desse seks akvarellane vil bli lagt ut for sal på Eplabutikken min "Kort & anna godt" så snart alle er ferdig innrama og tekne bileter av. Fire produkt som allereie er lagt ut for sal er desse fire elefantane som er vognpynt til babyvogna:

"Hjertefanten"
"Blomsterfanten"
"Elefanten"
"Rutefanten"

onsdag 11. april 2012

Fire nye elefantar

Fire nye elefantar berekna til vognpynt er ferdige.










"Hippiefanten"
"Blomsterfanten"
"Elefanten"
"Rutefanten"








































tirsdag 20. mars 2012

"Prikkefanten" - ein elefant til barnevogna

På arbeidsrommet/kontoret har eg to plastkassar med tøy som berre ventar på å bli teke i bruk. I fleire år har det faktisk lege slik og venta. Difor passar det bra at eg framleis er i elefantmodus. Dei passar ypperleg å sy når ein vil bruke opp gamalt restetøy, ja, og nytt tøy også, for den saks skuld :) . Nedanfor er eit eksempel på ein turkis elefant med kvite prikkar. Derav namnet "Prikkefant"...

Elefanten held hus i ei eske som liknar han sjølv 

Ei lita bjølle er festa på opphengstråden for å lage lyd når ein kjem borti elefanten

tirsdag 28. februar 2012

Vognpynt

Eg er framleis inne i babyleikemodus, og har ikkje slutta med å lage små elefantar. Men, for å prøve noko litt anna, teikna eg eit mønster av ein katt som eg også ville lage vognpynt/vognleike av:

Mønsteret av katten

















Det ferdige resultatet





















Katten har fått ein lapp på rumpa, og ei bjølle rundt halsen som lagar lyd når ein kjem borti. Rundt heile katten er det sydd tungesting i mørkblå broderitråd.

mandag 6. februar 2012

Prosjekt barnerom

Vesleguten vår har fått sitt eige rom, og eg kan glede meg over å få innreie det! Eg kjenner eg blir reint nostalgisk når eg held på med det, eigne barndomsminner strøymer på :-) . Særleg stas er det å finne fram leiker som både eg sjølv og mannen min leika med som barn! Arbeidet med barnerommet er også ei stor inspirasjonskjelde til å lage eigne ting til å ha der inne.

Kassaapparat og komfyr av eldre dato














Dokkevogna og eit par bamsar frå eg var lita







Elefanturo til barnerommet:
Men, barnerommet skal også innehalde ting av nyare dato. Elefanturoen eg har jobba med den siste tida er endeleg ferdig, og slik blei resultatet:


















Litt av prosessen:

Desse tynne tepinnane skulle bli ringopphenget

Her er dei blitt kokt og forma til ein sirkel

Sirkelen blei så dekka med raudt garn
Elefantane, perler og bjøller er klare til oppheng

tirsdag 31. januar 2012

Elefantar i mange variantar

Eg er inne i ein elefantperiode for tida. Prosjektet er eigentleg å lage ein uro med elafantar til vesleguten som eg fekk idéen til i eit syblad. Men, udervegs dukka det opp ein ny idé om å lage elefantar til å henge i barnevogner. Vidare følgjer ein del bileter av denne prosessen. Bilete av den ferdige uroen til vesleguten kjem når eg er ferdig med den.





Det byrja med at eg teikna eit mønster av ein forenkla elefant, som eg så overførte til eit stykke tøy som blei sydd saman på maskin.






Deretter valgte eg meg ut broderitråd i ein kontrastfarge eg syntes passa til tøyet. Så sydde eg tungesting rundt heile elefanten og øyrene til elefanten slik at eg fekk fram ein fin kontrasteffekt, noko som små barn kan like å feste blikket på.











For å lage oppheng til vognpynten trengte og gjorde eg følgjande:

Runde treknottar



Klype

  
 



Tøy til å kle treknottane med














Slik blei nokre av resultata:


Ei bjølle blei hengt på for å gi lyd når ein kjem borti elefanten. 



"Sju elefantar kom marsjerande..."



"Flowerpower-elefant"