Vesleguten vår har fått sitt eige rom, og eg kan glede meg over å få innreie det! Eg kjenner eg blir reint nostalgisk når eg held på med det, eigne barndomsminner strøymer på :-) . Særleg stas er det å finne fram leiker som både eg sjølv og mannen min leika med som barn! Arbeidet med barnerommet er også ei stor inspirasjonskjelde til å lage eigne ting til å ha der inne.
|
Kassaapparat og komfyr av eldre dato |
|
Dokkevogna og eit par bamsar frå eg var lita |
Elefanturo til barnerommet:
Men, barnerommet skal også innehalde ting av nyare dato. Elefanturoen eg har jobba med den siste tida er endeleg ferdig, og slik blei resultatet:
Litt av prosessen:
|
Desse tynne tepinnane skulle bli ringopphenget |
|
Her er dei blitt kokt og forma til ein sirkel |
|
Sirkelen blei så dekka med raudt garn |
|
Elefantane, perler og bjøller er klare til oppheng |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar