Eg har sansen for bukser med god strikk i linninga til små barn og babyar. Dei er mjuke å ha på og sit godt på plass, og dei kan brukast lenge. Det gjer liksom ikkje noko om dei er litt store og posete i byrjinga. Go'guten vår har hatt fleire av denne typen bukser. Desse buksene er enkle og raske å sy, og er kjekke å gi bort i barselgåve.
***
Også ei smekke blei lagt ved i gåva til den vesle babyguten. Baksida er sydd i jersey stretch i same farge som på bukselinninga.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar