torsdag 2. mai 2013

Ny funksjon for gamle blikkboksar

Blikkboksar kjem i forskjellige storleikar, er runde og fine i formen og ganske solide. Så, kvifor ikkje lage noko funksjonelt og nyttig ut av desse boksane som hopar seg opp og tar plass i heimen før dei blir kasta til metallgjenvinning?


Eg er glad i å lage ting av papir, og har difor masse fint papir liggande. Noko av dette papiret fekk være med på å sprite opp nokre av blikkboksane eg rota fram i metallavfallet me enno ikkje hadde kvitta oss med.


På den minste av boksane er papiret lakka over med decoupagelim. Planen er å gjere det same med dei to største også, slik at overflata blir meir holdbar. Sjølve papiret er berre limt i skøytane slik at papiret ikkje la seg inn i rillene på boksen, men heldt seg slett og fint.
 
 
-----



Boksen med diverse framkomstmidler på er til å ha go'guten sine fargeblyantar oppi. For å gjere overflata ekstra holdbar har eg teke lim over heile boksen og limt arket over. Papiret føyde seg då etter boksen og la seg inn i rillene slik at dei kom til syne.  Det blei ein fin effekt som viser at det er ein blikkboks som ligg til grunn. Deretter lakka eg over med decoupagelim. Då burde fargeblyantholdaren være godt "skodd" til å møte go'gutens, til tider, hardhendte bruk ;) .
 
-----
 


Ein annan variant til å ha fargeblyantane oppi. Her har eg latt med inspirere av nokre koppar eg dreide i keramikk for nokre år sidan.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar