***
Dersom ein ønsker å bli kvitt rester av tøy ein måtte ha liggande, passar det å sy ein portemonet ypparleg. Det er ikkje så mykje tøy som skal til. Det prikkete tøyet eg har brukt på utsida av portemoneten er i frå eit ubrukt kjøkkenhandkle kjøpt på Ikea for mange år sidan. Det svarte fòrstoffet har også, endeleg, fått kome til sin rett etter å ha lege på vent i årevis...