søndag 19. juni 2011
"Ein elefant kom marsjerande..."
Eg har alltid vore veldig glad i bamsar og andre kosedyr, så då eg oppdaga dei søte elefantane i boka "Tildas atelier" av Tone Finnanger, måtte eg berre kjøpe boka og sette i gang og sy. Elefanten finnes i to storleikar. Eg byrja med den minste elefanten som no er ferdig, og held for tida på med den største. Slik blei resulatet av den minste utgåva:
Heklajakke til baby
Me ventar småfolk i hus, og då synes eg det er kjekt å produsere diverse til babyen sjølv. Første prosjekt blei å hekle ei jakke som skulle vere så kjønnsnøytral som mogleg, då me ikkje vil vete kjønnet på førehand. Valet falt på eit grønt, mjukt ullgarn frå Sandnes garn. Som kontrast til alt det grøne hekla eg ein kvit kant rundt heile jakka og rundt åpningane til armane. Knappane er små, kvite teddybjørnhovud.
søndag 17. april 2011
Perler til øyrene
Den siste tida har gått til å lage fleire øyredobbar og eit par esker til å ha nokre av dei oppi. Nedanfor vises eit par blå hjarteøyredobbar med tilhøyrande sommarfuggeleske. Til øyredobbane har eg brukt sølvtråd på 0,8mm som eg har bøyd til ein ring. Hjarteanhenget er laga ved hjelp av ein metallstav med ei kule i enden, slik at glashjarta heng på plass. Deretter har eg tredd på ei lita sølvfarga perle og bøyd til enden av metallstaven til ein liten sirkel ved hjelp av ei rundtang. Same typen sølvperler og hjarteanhenget er deretter tredd inn på sølvringen. Til slutt har eg festa sjølve øyredobbkroken i toppen av sølvringen.
Same framgangsmåte er brukt på dei grøne hjarteøyredobbane vist nedanfor:
Sølvringen er utelaten i dei blå øyredobbane nedanfor. Dei er laga på same måte som hjarteanhenga ovanfor; ved hjelp av metallstavar med ei lita kule i enden.
Sølvringen er utelaten i dei blå øyredobbane nedanfor. Dei er laga på same måte som hjarteanhenga ovanfor; ved hjelp av metallstavar med ei lita kule i enden.
søndag 3. april 2011
Kort for store og små
Det er artig å lage kort berekna til born. Dette kan nok henge saman med at eg likar litt naive og barnlige uttrykk. Noko som også går igjen i mykje av det andre eg lagar, det vere seg koppar eller bileter. Utgangspunktet for korta nedanfor var altså at dei var tiltenkt born, men dei to øvste kan vel like så godt passe for vaksne... (Ein blir aldri for gamal til å vere litt barnleg!)
![]() |
| Kort til nyfødt baby |
Blomar på kort
Det er vår i lufta! Slikt kan ein bli inspirert av, noko som for min eigen del resulterte i fleire kort med blomar som motiv.
Smykkeesker
No som eg får ha produkta mine på butikken "Kunsthjørna" i Haugesund, tenkte eg det kunne vere fint å ha gåveesker til nokre av øyredobbane. Fargane eg har valt å ha utanpå eskene viser til fargane som er på øyredobbane oppi eskene.
![]() |
| Gåveeske til sett med rosa øyredobbar |
![]() |
| Gåveeske til sett med blå/turkise øyredobbar |
søndag 27. mars 2011
Gøy med perler!
Endeleg er det tid for litt blogging igjen. No er det alt for lenge sidan sist! For tida er det perler og smykker som står på tapetet. For nokre månader sidan bestilte eg meg masse nye perler og anna smykkeutstyr på nettet. No hadde eg jo litt å ta av i frå før av også, men det er alltid inspirerande med noko nytt.
Vidare følgjer nokre bileter av resultata. Så langt har eg laga flest øyredobbar, men planen vidare er å lage både halssmykker og armband også.
![]() |
Eit lite utval av perler og smykkeutstyr |
Vidare følgjer nokre bileter av resultata. Så langt har eg laga flest øyredobbar, men planen vidare er å lage både halssmykker og armband også.
Abonner på:
Innlegg (Atom)




















