onsdag 27. juni 2012

Bukse til go'guten

Eg har fått syånda over meg, og har bestilt inn masse tøy i frå Stoff og stil som eg knapt kan vente med å sy i. Problemet er berre å finne tida til det. Men, eg har akkurat rukke å sy ei mjuk og god bukse til go'guten, som skulle være lett og ledig å bevege seg i. Ho er enndå litt stor, men med tid og stunder håpar eg ho vil passe bra. Mønstert tek utgangspunkt i eit joggedressmønster, nr. 81004, i frå Stoff og stil, der eg har endra på beinribben og bytta ut strikk med breidare elastisk "magebelte".

Bukse i stretchstoff med helikopter på
Den grøne elastiske kanten øvst kan også brettast ned, slik
at buksa ikkje blir fullt så høg...

tirsdag 26. juni 2012

Bryllaupskort

Endeleg er det tid for litt blogging igjen! Denne gongen har eg laga eit bryllaupskort til ein tidlegare kollega som skal gifte seg i aller næraste framtid :) . Tenkte då eg laga kortet at det gjerne måtte passe med eit kort utan for mykje stæsj på til henne, at ho gjerne likar det litt enklare. Men, kan hende tar eg feil... Slik blei uansett resultatet:
Eit kort i forskjellige nyansar av kvitt og sølv.
(Fargane på biletet lyg noko...)

tirsdag 1. mai 2012

Elefant på bestilling

For nokre månader sidan fekk eg ei bestilling på å sy ein elefantbamse tenkt til ei lita jente som ikkje er født ennå. Sidan det er snakk om ein liten jentebaby, kom oppdragsgjevar og eg fram til at det måtte bli noko rosa på elefanten. Oppdaragsgjevar fekk sjølv velge blant tøyet eg hadde til rådighet, og resultatet blei slik:

onsdag 11. april 2012

Fire nye elefantar

Fire nye elefantar berekna til vognpynt er ferdige.










"Hippiefanten"
"Blomsterfanten"
"Elefanten"
"Rutefanten"








































onsdag 28. mars 2012

Prosjekt barnerom: Pute til stolen i lesekroken

Barnerommet til go'guten byrjar å ta form, men det dukkar stadig opp nye idear til ymse prosjekt der inne. Siste tilskot er ei elefantpute til den gamle lenestolen i lesekroken. Målet var at puta skulle stå i stil med elefanturoen eg laga for ei tid tilbake.
Tre elefantar er applikert på puta.
Her høyrer puta til; i lesekroken :)
Puta i sovekroken. Uroen i taket og puta er
sydd av same type tøy for å matche kvarandre. 

tirsdag 20. mars 2012

"Prikkefanten" - ein elefant til barnevogna

På arbeidsrommet/kontoret har eg to plastkassar med tøy som berre ventar på å bli teke i bruk. I fleire år har det faktisk lege slik og venta. Difor passar det bra at eg framleis er i elefantmodus. Dei passar ypperleg å sy når ein vil bruke opp gamalt restetøy, ja, og nytt tøy også, for den saks skuld :) . Nedanfor er eit eksempel på ein turkis elefant med kvite prikkar. Derav namnet "Prikkefant"...

Elefanten held hus i ei eske som liknar han sjølv 

Ei lita bjølle er festa på opphengstråden for å lage lyd når ein kjem borti elefanten

mandag 12. mars 2012

Frå dåpskake til bilete

Eg er så heldig å ha ei svigerinne som lagar fantastisk flotte og, ikkje minst, gode kaker. Hennar kakeferdigheter kom godt til nytte då go'guten vår blei døypt i haust. Resultatet vart ei vakker marsipankake med flotte detaljar på som fortente å bli teke vare på, i allefall så lenge det lar seg gjere. Så langt ser det ut til at marsipanen berre blir knallhard etter å ha tørka godt:



Dei flotte og detaljrike skoa valgte me å ramme inn i ei "Ribba-ramme" frå IKEA. Den var akkurat djup nok til det vesle skoparet:


Skoa limt på eit dekorativt ark med ugle på, og deretter sett inn i ramma