søndag 26. august 2012

Ting og tang til ein eittårsdag

Go'guten vår har blitt eitt år, allereie. Og, til ein eittårsdag må visse ting sjølvsagt vere på plass. Krone, vimplar, kort, ballongar og, sist men ikkje minst, kaker høyrer med:
 
Ei sommarleg krone til eittåringen
 
 
Det var ikkje like stas å ha krona
på hovudet...

"Da Lykkeliten kom til verden,
var alle himlens stjerner tent,
de blinket: "lykke til på ferden",
som til en gammel, god bekjent!
Og sommernatten var så stille,
men både trær og blomster små,
de sto og blunket til den lille,
som i sin lyse vugge lå."
 
 
Bløtkake med jordbær og eitt lys for go'guten.
Dagen blei feira ute i det nydelege sommarværet :)
Så var festen over, og mor og far kunne slappe av med eit glas
caffe latte i den flotte sommarkvelden :)
Vimplane er sydd i full fart på min nye overlockmaskin
Vimplane er ypparlege til å bli kvitt gamle tøyrester. Her har eg
brukt både nytt og gamalt tøy...
 

tirsdag 7. august 2012

Kjole til ho mor...

... det vil seie til meg sjølv :) . I katalogen "Vår/sommer 2012 - Fashion" til Stoff & Stil fann eg dette biletet av ein kjole eg fekk svært lyst til å sy til meg sjølv. Blomstrete tøy i babyfløyel, knappar, biseband og kjolemønsteret 23006 vart bestilt, og etter ei vekes tid var det berre å sette i gang med å sy.


Eg ønska ikkje å forandre stort på kjolen, då eg lika den så godt slik den var på biletet. Dei einaste endringane eg har gjort er å sløyfe blonda nederst, og å føye til det same småblomstrete stoffet som er på stolpen i halsutringninga på øvste del av lommane. Kreativiteten har med andre ord ikkje vore på topp, men gleda over å skape noko sjølv var der likevel. Resultatet er å sjå på bileta nedanfor.



Resulatet vart ein 60-talsinspirert kjole, noko eg ikkje tenkte over før eg fekk den på meg. Vidare følgjer nokre bileter av detaljar på kjolen.



Lomme
Halsutringning med påsydd stolpe med knappar.

fredag 13. juli 2012

Overall med store lommar i

Siste syprosjekt har vore å sy ein overall til go'guten. Den er sydd på "gamle måten", på arvegodset frå farmora mi. No ser eg fram til å sy neste prosjekt, som vil vere ein kjole til meg sjølv, på den nye overlocken :) Mønsteret er kjøpt hjå Stoff & stil, nr. 81001. Sjølve buksa er sydd i babyfløyel i fargen støvet aqua. Belegginga i lommane og rundt hals- og armutskjeringa er i pepitaruta, grønt bomullsstoff.

Beinribben er sydd av grønt jerseystoff 

Utsnitt av øvre halvdel

På lommane sydde eg på eit svart biseband med kvite prikkar,
noko eg synest er med på å framheve lommane.

På Stoff & stil fekk eg tak i knappar ein kan trekke om med tøy.
Eg valte å ta igjen stoffet som er brukt i lommane og rundt arm- og halsutskjeringane.

torsdag 12. juli 2012

Lykka er...

... til dømes å ha bursdag, og få pengar til å kjøpe det som har stått høgst på ønskelista: Ein overlockmaskin som skal gjere syinga av klede enklare. Det er iallefall slik eg har forstått det. Eg må berre lære meg å bruke den først, for det kan visst vise seg å være enklare sagt enn gjort... ;) . Bilete rett nedanfor viser vidunderet.


No skal det, med tid og stunder, bli sving på sysakene!
Symaskina til høgre har tilhøyrt mi kjære farmor,
og eg innbiller meg at ho må være frå 60-talet.
Den går framleis som ei klokke, så den skal få bli.

mandag 9. juli 2012

"Flodebukse"

Go'guten har fått seg endå ei mjuk og elastisk bukse, men denne gongen gjekk han rett inn i den. Ikkje ei bukse å vekse inn i med andre ord.


Go'guten i "Flodebuksa"


Buksa er sydd i jerseystoff etter
mønsteret "Lekebukser",
henta i frå boka "Barneklær på 1-2-3
- Tante Mies lettsydde barneklær", av Marie Aanensen.


 







søndag 1. juli 2012

Bukse med lommar i

Då hadde eg sydd nok ei bukse til go'guten. Denne gongen har eg sydd buksa med utgangspunkt i mønsteret "Raske bukser", henta i frå boka "Barneklær på 1-2-3 - Tante Mies lettsydde barneklær" av Marie Aanensen. Også denne gongen har eg valt elastisk beinribb og eit breitt, elastisk magebelte. For ein liten gut som ikkje kan gå enno, men kryp rundt på golvet for å undersøke verda rundt seg, er det viktig med lause og ledige klede... Når det er sagt, kan det jo hende guten kan gå når buksa endeleg vil passe. Som bileta nedanfor viser, er ho litt i største laget ;)

"Kjempefine bukser mamma,
men skal den være såå stooor?"

Magebeltet er bretta ned


Detalj av lomma

Baksida

onsdag 27. juni 2012

Bukse til go'guten

Eg har fått syånda over meg, og har bestilt inn masse tøy i frå Stoff og stil som eg knapt kan vente med å sy i. Problemet er berre å finne tida til det. Men, eg har akkurat rukke å sy ei mjuk og god bukse til go'guten, som skulle være lett og ledig å bevege seg i. Ho er enndå litt stor, men med tid og stunder håpar eg ho vil passe bra. Mønstert tek utgangspunkt i eit joggedressmønster, nr. 81004, i frå Stoff og stil, der eg har endra på beinribben og bytta ut strikk med breidare elastisk "magebelte".

Bukse i stretchstoff med helikopter på
Den grøne elastiske kanten øvst kan også brettast ned, slik
at buksa ikkje blir fullt så høg...