I desse tider har to av tanteborna mine bursdag, og etter at ho eldste av dei tidligare viste stor interesse for elefanten eg sydde til vesleguten min, fann eg ut at eg ville sy liknande "Tildabamsar" til dei to også. Det byrjar snart å likne ein dyrehage her med alle elefantane og sjiraffane som ligg ferdige og halvferdige rundt omkring i huset.
Eg har også hatt liggande nokre smykkedeler som eg i lengre tid har hatt planar om å lage smykker til born av. For å overraske bursdagsborna litt ekstra har eg plassert smykka på bamsane, slik at det blir ei ekstra gåve i gåva. Kan hende havnar det noko i lommane til bamsane også...
|
Ein sjiraff til minstejenta |
|
Ein elefant til eldstejenta |
|
Sjiraff med armband |
|
Bilete av armbandet på sjiraffen sin arm |
|
Elefant med smykke om halsen |
|
Nærbilete av smykket om elefanten sin hals |
Eg avsluttar med eit gruppebilete av dei to som snart skal få nye eigarar:
Så flotte og kjekt å se at du og har blogg da.
SvarSlettJa, eg prøver nå å få skvist inn litt formgivingsaktiviteter når det er tid til det. Har vært inne og kikka på bloggen din også. Du er jo så flink å sy, men det visste eg nå fra før av også da... :).
SvarSlett