onsdag 23. januar 2013

"Lykkeliten"

Å illustrere forskjellige typar tekstar, som eventyr og barnesongar, har falle i god smak! Eg ville igjen lage eit kort med barnesongen "Lykkeliten" som tema, men denne gongen ville eg gje det eit anna uttrykk enn sist. Fleire fargar og litt fleire elementer skulle få vere med, samstundes som det skulle vere passe stramt og enkelt.

Framsida av kortet

Dei forenkla blomane har eg skjært ut med ein slags passar med kniv i staden for blyant i enden. Slik kan eg skjære ut dei størrelsane eg sjølv ønsker. Stilkane er skjært ut på eit lite skjærebrett, medan vogna er klipt til av ein sirkel. Igjen har eg brukt knappar som hjul. Stjernene er restar av det som sit att inni diverse ord og motiv frå forskjellige typar sølvklistremerker, det som sit att på brettet og normalt blir kasta...

Innsida av kortet, med ein enkel blome


Då framsida på kortet var ferdig, såg eg at det kunne bli eit koseleg bilete å ha på eit barnerom. Eg tok derfor utgangspunkt i ei kvadratisk rame eg hadde liggande og tok mål av denne, slik at eg kunne lage ein liten collage å ha inni:

Ein søt, liten collage til å ha på barnerommet

Dette vil eg jobbe meir med :)

1 kommentar: