***
Blomen, eit foto teke frå eige blomsterbed, er overført til stoffet på lommen ved hjelp av den nye trykketeknikken med rammelim som eg nettopp har lært meg å bruke. Fotoet vart først bearbeida i Photoshop, der eg og la på sitatet til H. C. Andersen. Deretter speglvenda eg det og skreiv det ut. Rammelim vart pensla på utskrifta og deretter lagt med limsida ned på stoffet eg skulle sy lomma av. Slik låg det og tørka i eit døgn, før eg strauk over det med strykejernet i fem minutter. Etter 15 minutter liggande i vatn starta arbeidet med å rulle papiret forsiktig av slik at motivet kom fram.
***
På veska si "bakside" har eg sydd på avblomstra Løvetannblomar i forenkla utgåver ved hjelp av forskjellige dekorsaumar eg har på symaskina mi. Her kan ein eksperimentere i det uendelege...
***
Veska er fóra med eit fargerikt blomstrete stoff. Det same er hankane. Det er også sydd på ein liten lomme til å ha småting oppi. Målet mitt då eg starta på prosjektet var å sy ei sommarleg veske, no som vi går mot lysare og varmare tider...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar