tirsdag 22. november 2016

Produkt til julemesse #2

Det jobbes febrilsk mot julemessa som eg skal delta på førstkommande laurdag! Siste tilskot på produktfronten er puter med store knappar på. Rundt putene har eg sydd på biseband, for å få ein kontrast til det mørke møbelstoffet sjølve putene er sydde av. Denne detaljen skapar også eit samspel med dei store knappane som er festa på putene. Vidare følger nokre bileter av nokre av dei ferdige produkta:


- Puter med tekst på knappar -





***




***




***



Putene har knappar på begge sider, og på den eine sida er det knappar med tekst på. Teksten er overført til tøyet som er brukt på knappane med "rammelim". Deretter har eg trekt aluminumsknappane med dette stoffet. Slik kan ein lage seg personlege knappar som ingen har maken til...






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar