***
tirsdag 25. februar 2014
Pute til dukkevogna
Den eine av dei tre utprøvingane eg laga med rammelim for nokre veker sidan har no blitt til ei pute go´guten kan ha i dukkevogna si. Puta er samstundes ein prøvelapp når det gjeld å utforske den nye symaskina. Så, heilt perfekt sydd er ho ikkje...
fredag 21. februar 2014
Tekstiltrykk med "Rammelim"
Etter å ha blitt introdusert for ein ny teknikk av ein tidlegare medstudent (sjå info nederst på sida), fekk eg veldig lyst til å prøve teknikken ut sjølv. Trykketeknikken går ut på å overføre bileter frå feks magasiner, foto og aviser til eit tøystykke ved hjelp av ein spesiell type lim, kalla "Rammelim". Så langt har eg berre laga tre utprøvingar, men eg har store planar om å jobbe vidare med denne teknikken! Det er kjempegøy!
På biletet i midten ser vi eit avisutklipp av Karius og Baktus. Motiva blir speglvendte så lenge ein ikkje speglvender dei før ein overfører dei til tøyet.
På det øvste biletet har eg klippa ut ei teikneserierute frå ei avis og overført til eit stykke grått tøystykke ved hjelp av rammelim og strykejern.
***
***
Nederste biletet er eit utsnitt av eit fotografi min mann har teke. Det er skrive ut på kopiark før overføring. Eg syns dei små prøvelappane blei såpass bra at eg har lyst å prøve og sy noko ut av dei. Ferdige resultat vil bli publisert her på bloggen.
***
PS! Min gamle medstudent har ein flott blogg som heiter "PåGløtt". Sjekk den gjerne ut! Adressa er paaglott.blogspot.no
Ny symaskin
Etter mykje fram og tilbake, vart freistinga for stor, og eg ønska meg penger til ny symaskin til jul. Den gamle Singermaskina eg hadde frå før er arvegods frå mi handarbeidsglade farmor, som døydde for mange år sidan. Så, den gamle maskina er ikkje berre ei symaskin, eg har eit spesielt forhold til den. Difor er det med litt tungt hjarte eg set den til sides til fordel for ein ny... Men, den skal ikkje ut av huset. Den kan jo komme vel med ein gong dersom den nye, mot formodning, skulle gå sund ;) .
Den gamle Singermaskina er nok i frå 60-talet, og har vært ein svært god maskin med mange funksjonar. Det var nok ein flott og avansert symaskin då den vart kjøpt for kanskje 50 år sidan. Det er jo ganske utruleg at den fungerer fortsatt!
Det som freista med den nye maskina er at den kan sy med breidare sting, eignar seg betre til sying av elastiske stoffer og har alfabetet. Nå er det berre å sette seg inn i alt det tekniske, og prøve seg fram...
søndag 24. november 2013
Perlepynt
Eg har blitt inspirert av nokre hjarter barna på jobb har laga. Eg har lenge tenkt at eg ville prøve å lage desse perlehjartene, og då barna på jobb starta å lage liknande hjarter forrige veke, måtte eg berre prøve sjølv då eg kom heim ;) . Slik vart nokre av mine:
***
***
tirsdag 19. november 2013
Julemesse
Førstkommande søndag skal eg være med på julemesse på Stegaberg, ein nedlagt skule i Tysvær kommune. Då må eg jo ha noko å selge, så den siste tida har eg sydd på julehjarter som kan hengast opp. Tanken bak hjartene på biletet rett nedanfor er at dei skal forestille pepparkaker, der den kvite saumen rundt skal illustrere glasur.
Dette var ein liten smakebit. Dei som er interesserte i sjå meir kan jo ta turen til Stegaberg søndag den 24. november fra klokka 12:00-16:00.
***
***
***
Eg har heldigvis ein del eldre ting liggande også, som eg vil prøve å selge. Her er noko av det:
![]() |
Vognpynt |
![]() |
Fletta spisebrikker |
![]() |
Keramikkopp med skål til barn eller den barnslige |
![]() |
Akvarellar til barnerommet |
![]() |
Handmåla glaskule |
![]() |
Julekort |
Dette var ein liten smakebit. Dei som er interesserte i sjå meir kan jo ta turen til Stegaberg søndag den 24. november fra klokka 12:00-16:00.
søndag 3. november 2013
Julekort med juletrær
Eg er svært glad i jula, og i år har eg tenkt å være tidleg ute slik at eg rekk å lage iallefall noko av det har planar om. Kvart år skjer det same; eg har lyst å lage både det eine og det andre, men når julafta er der, har eg knapt fått byrja på nokre av prosjekta i det heile. Nei, i år skal det bli andre boller ;) . Eg startar forsiktig, med julekort med enkle, men, forhåpentlegvis, stemningsfulle julemotiv. Her kjem to eksemplar der juletrær står i fokus:
lørdag 2. november 2013
Endå litt meir gøy med knappar!
Jula nærmar seg sakte men sikkert, og det er greit å vere tidleg ute med nokre juleforberedelsar. Igjen har bruk av knappar stått i fokus. Denne gongen gjer dei si nytte som snømenn på julekort:
***
Abonner på:
Innlegg (Atom)