søndag 23. oktober 2016

Traktorlue til minsteguten

Storebror fekk seg ei lue med ein traktorknapp på for over eit år sidan, og no har litlebror fått seg ei ganske lik ei. Medan storebror har ei raud lue med sitt namn på, har litlebror fått seg ei blå ei med sitt navn på. Traktoren, den viktigaste detaljen for go'gutane, er raud på begge sine luer.


- Minste go'guten med lua på -



***



lørdag 1. oktober 2016

Kortbukse til jente

Med berre gutar i hus, må eg erkjenne at det av og til klør litt ekstra i fingrane etter å sy noko litt meir "jentete". Då minstemann var litt under året gamal, sydde eg ei baggy kortbukse til han som kan brukast heile året. Med ei strømpebukse under kan den fint brukast om vinteren også. Eg fekk lyst å sy ei liknande kortbukse i ei meir feminin utgåve. Buksa er sydd slik at ho er like fin på vranga. Slik sett kan den brukast på begge sider.


 - Ferdig resultat -





- Innsida ut -




- Med knappar -




***

Eg har ingen modell å vise kortbuksa på, men har prøvd å ta eit bilete som kan vise ein måte å bruke den på, etterfulgt av eit bilete av minstemann i si bukse, som også viser korleis fasongen på buksa tek seg ut...










torsdag 22. september 2016

Ny genser og lue til minstemann

Då eg var på Stoff & Stil i sommar, kom eg over eit jerseystoff med herleg mønster på. Stoffet med dei søte dyreteikningane på, måtte berre bli med meg heim. No har eg sydd ei høst-/vårlue og ein genser til minstemann i huset. Han vart veldig fornøgd med resultatet, men stilte noko motvilleg opp som modell for produkta ;-)


- Go'guten med ny lue og genser -




 ***



***



 

søndag 11. september 2016

Ny t-skjorte til storebror

Storebror i huset vart, for nokre veker sidan, fem år gamal. Sidan litlebror fekk ein sjølvsydd krokape til sin toårsdag tidlegare i sommar (sjå tidlegare blogginnlegg), ville eg at også storebror skulle få noko eg hadde laga sjølv. På grunn av ferie måtte dette skje dagen før bursdagen, det var då eg hadde tida til det. Det måtte med andre ord bli noko som går fort å sy. Eg endte opp med å sy ei t-skjorte i jerseystretch i freshe fargar og med fine teikningar av dyr på. Gåva fall heldigvis i smak hjå femåringen :-) Både mønster og stoff er kjøpt på Stoff & Stil.

- T-skjorta i bruk -



 ***





onsdag 20. juli 2016

Apestrekar

Me har nettopp feira toårsdag her i huset, og i den forbindelse sydde eg ein såkalla "Krokape" i gåve til vesleguten. Det viste seg å være ei ganske tidkrevande oppgåve. Å vrenge og stappe dei lange og krokete armane og beina tok tid. Eg brukte dessutan eit grovare stoff til hender og føter, noko som gjorde det endå vanskelegare å vrenge delane då dei var ferdig sydde. Men, resultatet er eg godt nøgd med; ein morosam og dekorativ apekatt som kan henge over det meste ;-)





***






***



Ideen til dette morosame apekosedyret fann eg i den fine boka "Sy til barn", av Tone Finnanger. Her er det mange inspirerande oppskrifter til ting ein kan lage til barn, med hovudvekt på saum. Eg valgte å gjere litt om på armane og beina på apekatten ved å kombinere to forskjellige stoff, slik at det ser ut som han går med t-skjorte og kortbukse/korterma drakt. Han har også fått knappar og sløyfe i halsen.

tirsdag 5. juli 2016

Tipi

Siste syprosjekt har vore å sy ein tipi som go'gutane kan kose seg i anten ute eller inne. Mønsteret til denne tipien låg gratis på Ikea, og det kraftige lerretstøyet kjem også der i frå, vel og merke ikkje gratis ;-). Fire rundstokkar held tipien oppe. No håpar både go'gutane og eg på mykje deilig sommarvér frametter, slik at tipien kan bli flittig brukt ute.


 - Tipien i hagen -






- Tipien sett innan i frå og ut -



- Tipien innandørs -





- Pute som matchar -






- Er nok ikkje laga for vaksne ;-) -




Knappane til puta har eg trekt om med stoff som eg synes står i ein fin kontrast til sjølve puta. Skrifta "Sommer" har eg overført til stoffet før eg trakk om knappane, ved hjelp av ein overføringsteknikk der ein bruker "Rammelim". Dette har eg skrive om i tidlegare innlegg. Om nokon skulle vere interesserte, så ligg det ein fin framgangsmåte på denne teknikken her: www.unghusflid.no/filer/Ung_Husflid_e-bok.pdf





søndag 5. juni 2016

Ny sommarkjole

Eg likar godt mønster med små blomar på, det gir meg den rette sommarkjensla. Så, då eg kom over det mørkeblå stoffet i herleg jerseystretch med masse små blomar på, visste eg med ein gong at det måtte bli ein sommarkjole til meg sjølv ut av det. Både stoff og kjolemønster er kjøpt på Stoff & Stil.


- Resultat -






- Kjolen i bruk -




Stoffet har ein herleg, lett kvalitet, og vil bli mykje brukt av underteikna i sommar. Måtte berre det flotte sommarveret me har no vare, leeenge!