mandag 27. mars 2017

Påskeegg

Det nærmar seg påske, og for ei dame med ei skulder og ein arm som ikkje spelar heilt på lag for tida, men som likevel kjenner at det klør i fingrane etter å gjere noko kreativt i forhold til temaet påske, gjeld det å finne små aktivitetar som ikkje krev særleg tid eller krefter å gjennomføre. Eit slikt lite prosjekt har ståltrådegga nedanfor vore. Eg har stole idéen til formen på egga frå nokre egg eg såg i den flotte interiørbutikken "Hus i Nord" i Haugesund. Desse egga er i frå danske "Felius Design" og er laga i eit heilt anna materiale enn eg har brukt. Dei er også strame og nøyaktige i formen, medan mine har eit heilt tydeleg håndlaga preg, med sine bulkar og skeivheter ;-)


 - Påskeegg av ståltråd -









- Min inspirasjon -


Påskepynt frå danske "Felius Design"


tirsdag 28. februar 2017

Hekla teddybjørn

For nokre veker sidan blei eg ferdig med å hekle ein liten teddybjørn til minstemann i huset. Den er liten, ca 15 cm frå fot til hovud, og er sett saman av små delar som det ikkje tok lang tid å hekle. Eg har tatt utgangspunkt i to forskjellige mønstre, og gjort mi greie ut av det. Det har vore eit svært koseleg prosjekt å sitte i sofaen med om kveldane.


- "Stripebjørn" -



***






***





***



Han har alt funne seg nokre kameratar på minstemann sitt rom ;-)


søndag 5. februar 2017

Hekla elefant

For eitt par år sidan kom eg over eit heklemønster  på "Stoff & Stil" av ein elefant som eg fall for med ein gong. No har eg endeleg fått hekla den! Eg har ikkje fulgt mønsteret heilt, då eg har færre striper på hovudet enn kva det er i mønsteret. Elefanten er hekla i bomullsgarn frå Søstrene Grene.


- Ferdig resultat - 






- Før og etter stuffing og montering -





- Kos med "Kosefanten" -





***



Eg trur me kan døype vårt nye familiemedlem for "Kosefanten", for ein del kosar med go'gutane har det blitt allereie...

mandag 23. januar 2017

Gøy med dorullar!

Storebror i huset fekk boka "Øisteins pappeske", av Øistein Kristiansen til jul av litlebror. Her er det mange morosame idear til kva ein kan lage av diverse esker, kartongar og dorullar. Storebror og eg vart inspirerte til å lage noko sjølve. Mummihusa, som det er bileter av rett nedanfor, er ein eigen idé som ikkje er henta frå denne boka:


- "Mor i huset sitt Mummihus" -






- "Storebror sitt Mummihus" -






- "Storebror og underteikna har prøvd ut uglene frå boka" -


 ***





Storebror, som er 5 år, måla og dekorerte også eitt par fuglehus i papp som skulle stå i stil til uglene han hadde laga. Han var særs nøye på at fargane på husa, som han no kallar "Uglehus", skulle matche uglene. Det burde være ei enkel sak å sjå kvafor ei ugle som tilhøyrer kvafor eit hus ;-)

Storebor har vore skikkeleg i siget, og laga likeså greit ein gris av dorull også. Denne er også inspirert  av dyreuniverset ein finn i boka "Øisteins pappeske":



- "Med krøllet hale, og nesevis..." -



- "Øisteins pappeske" -



torsdag 5. januar 2017

Utprøving av julegåve

Til jul fekk eg ein utstansar som stansar ut bokstavar i stort format. Kjempegøy! Første prosjekt med maskina blei å lage to bokstavrekker/vimplar til go'gutane mine i forskjellig mønstra papir.









***






Bokstavrekka er lett, og kan plasserast nærast kvar som helst. Her har eg prøvd meg litt fram med forskjellige plasseringar på minstemann sitt rom.:






- "Alphabet punch board" -

Slik ser vidundermaskina ut ;-)


Maskina stansar ikkje ut bokstavane Æ, Ø og Å, og eg som har to gutar som heiter Åsmund og Vebjørn. Heldigvis er Å-en og Ø-en lette og lage med utgangspunkt i bokstavane A og O. Ein del av bokstavane, som blir stansa ut, har også utsjånaden til små bokstavar, men det syns eg ikkje gjer så mykje...




mandag 12. desember 2016

Jul i kule #1

Å ha vond skulder og arm, kombinert med trangen til å skape noko med hendene, der ein då er nødt til å bruke armane, er ingen god situasjon å vere i. Eg har klart å gjennomføre eit lite juleprosjekt, som eg har valt å kalle "Jul i kule #1". Tanken er at det skal komme fleire variantar etter kvart...





***




Det litle juletreet, den kunstige snøen, treperlene og julekula som kan opnast er kjøpt på "Søstrene Grene". 

torsdag 24. november 2016

Produkt til julemesse #3

Laurdag den 26 november, frå kl. 10.00-16.00, er det julemesse i Saudahallen. Eg skal ha ein stand der, og vidare følgjer nokre glimt av det eg vil prøve å selje. Eg kan nevne at juleornamenta i steingods, som det er bileter av rett under her, er dei siste produkta eg har laga som får bli med på årets messe. No setter eg sluttstrek for fleire produkt, så blir det spanande å sjå om dei vil falle i smak hjå andre ;-) . Då er det berre å håpe på godt oppmøte og god stemning på laurdag...



- Juleornament i steingods -







***





- Akvarellar til barnerommet -

"Tommelise" av H.C. Andersen

"De tre bukkene Bruse i solnedgang"

"Den ene bukken Bruse"



- Fuglehus -





- Fyrstikkeskenissar -






- Gåvelappar -




- Pepparkaketre -