søndag 13. april 2014

GOD PÅSKE!

Kvar jul og kvar påske har eg som mål å lage noko pynt sjølv, og denne påska har eg jammen meg klart å gjennomføre nettopp dette. Resultatet blei nokre lyslykter i vårlege fargar. Dei var veldig enkle og kjekke å lage.

Utstyr:



***


Resultat:





God Påske!


lørdag 12. april 2014

Ny vårlue

Det går mot varmare tider, og go'guten har fått seg ei ny vårlue. Lua er heilt einsfarga, og for å gjere ho litt meir spanande sydde eg på ei stjernebord. Den viktigaste detaljen for go'guten sjølv er nok Mikke Mus-knappen. Han er nemleg stor fan av nettopp han!




søndag 23. mars 2014

Veske til Epla sin "Sew-along"

Eg har akkurat sendt inn mitt bidrag til Epla sin sew-along konkurranse. Her skulle vi ta utgangspunkt i eit gratis veskemønster frå Stoff & Stil. Ellers sto vi fritt til å gjere det vi sjølv ville med utforminga. Her følgjer nokre bileter frå mitt bidrag:




***



Blomen, eit foto teke frå eige blomsterbed, er overført til stoffet på lommen ved hjelp av den nye trykketeknikken med rammelim som eg nettopp har lært meg å bruke. Fotoet vart først bearbeida i Photoshop, der eg og la på sitatet til H. C. Andersen.  Deretter speglvenda eg det og skreiv det ut. Rammelim vart pensla på utskrifta og deretter lagt med limsida ned på stoffet eg skulle sy lomma av. Slik låg det og tørka i eit døgn, før eg strauk over det med strykejernet i fem minutter. Etter 15 minutter liggande i vatn starta arbeidet med å rulle papiret forsiktig av slik at motivet kom fram.

***


På veska si "bakside" har eg sydd på avblomstra Løvetannblomar i forenkla utgåver ved hjelp av forskjellige dekorsaumar eg har på symaskina mi. Her kan ein eksperimentere i det uendelege...

***


Veska er fóra med eit fargerikt blomstrete stoff. Det same er hankane. Det er også sydd på ein liten lomme til å ha småting oppi. Målet mitt då eg starta på prosjektet var å sy ei sommarleg veske, no som vi går mot lysare og varmare tider...

lørdag 15. mars 2014

To nye leikebukser til go'guten

Go'guten har fått seg to par nye bukser som skal være komfortable og praktiske å leike i. Same mønster og tøy ligg til grunn for dei begge, men pynten og linninga varierer. Først ut er ei bukse med store lommar, som kan romme mange hemmeligheter...





***





tirsdag 25. februar 2014

Pute til dukkevogna

Den eine av dei tre utprøvingane eg laga med rammelim for nokre veker sidan har no blitt til ei pute go´guten kan ha i dukkevogna si. Puta er samstundes ein prøvelapp når det gjeld å utforske den nye symaskina. Så, heilt perfekt sydd er ho ikkje...




***





fredag 21. februar 2014

Tekstiltrykk med "Rammelim"

Etter å ha blitt introdusert for ein ny teknikk av ein tidlegare medstudent (sjå info nederst på sida), fekk eg veldig lyst til å prøve teknikken ut sjølv. Trykketeknikken går ut på å overføre bileter frå feks magasiner, foto og aviser til eit tøystykke ved hjelp av ein spesiell type lim, kalla "Rammelim". Så langt har eg berre laga tre utprøvingar, men eg har store planar om å jobbe vidare med denne teknikken! Det er kjempegøy!


På det øvste biletet har eg klippa ut ei teikneserierute frå ei avis og overført til eit stykke grått tøystykke ved hjelp av rammelim og strykejern.

***



På biletet i midten ser vi eit avisutklipp av Karius og Baktus. Motiva blir speglvendte så lenge ein ikkje speglvender dei før ein overfører dei til tøyet.

***


Nederste biletet er eit utsnitt av eit fotografi min mann har teke. Det er skrive ut på kopiark før overføring. Eg syns dei små prøvelappane blei såpass bra at eg har lyst å prøve og sy noko ut av dei. Ferdige resultat vil bli publisert her på bloggen.

***

PS! Min gamle medstudent har ein flott blogg som heiter "PåGløtt". Sjekk den gjerne ut! Adressa er paaglott.blogspot.no

Ny symaskin

Etter mykje fram og tilbake, vart freistinga for stor, og eg ønska meg penger til ny symaskin til jul. Den gamle Singermaskina eg hadde frå før er arvegods frå mi handarbeidsglade farmor, som døydde for mange år sidan. Så, den gamle maskina er ikkje berre ei symaskin, eg har eit spesielt forhold til den. Difor er det med litt tungt hjarte eg set den til sides til fordel for ein ny... Men, den skal ikkje ut av huset. Den kan jo komme vel med ein gong dersom den nye, mot formodning, skulle gå sund ;) .


Den gamle Singermaskina er nok i frå 60-talet, og har vært ein svært god maskin med mange funksjonar. Det var nok ein flott og avansert symaskin då den vart kjøpt for kanskje 50 år sidan. Det er jo ganske utruleg at den fungerer fortsatt! 

Det som freista med den nye maskina er at den kan sy med breidare sting, eignar seg betre til sying av elastiske stoffer og har alfabetet. Nå er det berre å sette seg inn i alt det tekniske, og prøve seg fram...