mandag 19. august 2013

Tre kort til forskjellige anledningar

Bursdagskort


 

 
***
 
Babykort
 
 

"Lykkeliten"-kortet har eg laga ein variant av tidlegare, men då var alle blomane forenkla til ein heilt rund form. Denne gongen valte eg å gjere dei litt meir realistiske og gav dei ein meir tradisjonell blomeform.

tirsdag 23. juli 2013

Sommarlege gåvelappar

Det flotte sommarveret har gitt meg sommarleg inspirasjon. Resulatet vart gåvelappar med sommarfuglar på. Sommaren er jo høgsesong for alle moglege slags festligheter, og då kan det jo vere lurt å ha nokre gåvelappar eller små kort på lur...


Nokre fargerike variantar
 



 
 
***

Ein heilt enkel variant
 


 
 
***

Sjølve sommarfuggelen er stansa ut ved hjelp av ein utstansar som ikkje kuttar ut heile motivet. Slik blir det mogleg å brette opp sommarfuggelen sine venger og ein fin skuggeeffekt oppstår. Dette kjem særleg godt fram i den enklaste varianten av gåvelappane. For å forsterke hola der ein kan træ ein eventuell tråd i gjennom, har eg satt i metallmaljer - både funksjonelt og dekorativt...

torsdag 18. juli 2013

Det blømer i hagen

"Å leve er ikke nok.
Solskinn, frihet og en liten blomst må man ha."
 
- H. C. Andersen -

***








***
 
"Idas sommarvisa"

Du ska inte tro det blir sommar,
ifall inte nån sätter fart
på sommarn och gör lite somrigt,
då kommer blommorna snart.
Jag gör så att blommorna blommar,
jag gör hela kohagen grön,
och nu så har sommaren kommit,
för jag har just tagit bort snön.


- Astrid Lindgren -

***
 
 
 

Med nokre stemningsbileter frå ein sjeldan varm dag i hagen, er det berre å håpe på at resten av sommaren måtte bli minst like bra!








 

"Ut i vår hage..."

I desse lyse sommartider prioriteres utelivet. Med det nye huset me kjøpte vinteren 2009 fulgte det med ein liten flekk som med tid og stunder skulle bli til ein hage. Huset var heilt nytt og derfor var det ikkje opparbeida nokon hage, berre ein flat flekk med jord og medfølgande ugras. Så, hagen skulle bli vårt prosjekt. Vidare følgjer ein del bileter frå startfasen og fram til i dag. Store forandringar har skjedd, men ennå gjenstår mykje arbeid før hage og gårdsplass er ferdig. (Ferdig og ferdig, det blir ein vel gjerne aldri når ein eig hus og hage. Nye prosjekt vil vel dukke opp ...)

 
Biletet ovanfor viser huset slik det såg ut då me kjøpte det. Eit gjerde blei den første sommaren sett opp for å dele opp hagen vår og hagen til naboen, slik at me fekk kvar vår del.
 ***
 

 "Potetåker"
 
 
***
 
 Terrassebygging og ny hekk 
 


 
***
 
Gangsti



 
***
 
Det blømer i hagen, sommaren 2013


  



 

 
***
 
Gamle manillamøbler i ny innpakning
 


 
Dei gamle manillamøblene, som er arva frå mi farmor, fekk seg for eit par år sidan eit forlenga liv ved hjelp av nokre strøk med gråmaling. Resultatet blei svært bra, men alt regnet på vestlandet gir dei dessverre hard behandling. Bambusen dei er laga av ser ut til å byrje og rotne innanfrå, så me får glede oss over dei så lenge me kan. Kanskje dei på mirakuløst vis let seg reparere på eit eller anna vis. Eg lever ennå i håpet...

fredag 17. mai 2013

Nokre 17. maiøyeblikk

Sjølv om regnet byrja å øse ned i det barnetoget i Haugesund starta, vart dagen fylt med store og små 17. maiøyeblikk. Her kjem nokre av dei eg og mine har opplevd i løpet av dagen:





 ***
 



***
 

 
 
Det er ikkje berre maten som har stått for den rette stemninga. Det har også finaste go'guten klart ;) :
 


 
Opplæringa av korleis flagget skal handterast får me ta sidan...
 
 
GRATULERER MED DAGEN!


 

torsdag 9. mai 2013

Hurra for 17. mai!

Om ei dryg veke er det 17. mai, og då er det på sin plass med litt pynt og stas. Då må vel ei vimpelrekke vere midt i blinken... Eg har tidlegare sydd ei vimpelrekke til go'guten, då han vart eitt år gamal, men denne gongen ville eg prøve å lage den i papir. Noko som er endå raskare og enklare. Eg hadde håpa eg skulle finne noko papir med raudt og blått som hovedfargar, men med grafiske overflatar. Det hadde eg ikkje på lur, så då falt valet på å printe ut kjende 17. maisongar og nasjonalsongen på dei vimplane som skulle vere kvite. Slik fekk eg ei litt meir spanande overflate på noko av papiret:



***
Vimpelrekka kjem nok til å få henge i gardinstanga ved spisestuen når dagen er her. Saman med eit 17. maipynta spisebord skal det nok bli rette 17. maistemninga i stova :)




***

 Her ser vi utdrag frå songane "Norge i rødt, hvitt og blått" og "Ja, vi elsker". På grunn av den trekanta formen på vimplane blir teksten kutta enkelte stader.

torsdag 2. mai 2013

Ny funksjon for gamle blikkboksar

Blikkboksar kjem i forskjellige storleikar, er runde og fine i formen og ganske solide. Så, kvifor ikkje lage noko funksjonelt og nyttig ut av desse boksane som hopar seg opp og tar plass i heimen før dei blir kasta til metallgjenvinning?


Eg er glad i å lage ting av papir, og har difor masse fint papir liggande. Noko av dette papiret fekk være med på å sprite opp nokre av blikkboksane eg rota fram i metallavfallet me enno ikkje hadde kvitta oss med.


På den minste av boksane er papiret lakka over med decoupagelim. Planen er å gjere det same med dei to største også, slik at overflata blir meir holdbar. Sjølve papiret er berre limt i skøytane slik at papiret ikkje la seg inn i rillene på boksen, men heldt seg slett og fint.
 
 
-----



Boksen med diverse framkomstmidler på er til å ha go'guten sine fargeblyantar oppi. For å gjere overflata ekstra holdbar har eg teke lim over heile boksen og limt arket over. Papiret føyde seg då etter boksen og la seg inn i rillene slik at dei kom til syne.  Det blei ein fin effekt som viser at det er ein blikkboks som ligg til grunn. Deretter lakka eg over med decoupagelim. Då burde fargeblyantholdaren være godt "skodd" til å møte go'gutens, til tider, hardhendte bruk ;) .
 
-----
 


Ein annan variant til å ha fargeblyantane oppi. Her har eg latt med inspirere av nokre koppar eg dreide i keramikk for nokre år sidan.