mandag 31. oktober 2011

Bursdagsgåver

I desse tider har to av tanteborna mine bursdag, og etter at ho eldste av dei tidligare viste stor interesse for elefanten eg sydde til vesleguten min, fann eg ut at eg ville sy liknande "Tildabamsar" til dei to også. Det byrjar snart å likne ein dyrehage her med alle elefantane og sjiraffane som ligg ferdige og halvferdige rundt omkring i huset.

Eg har også hatt liggande nokre smykkedeler som eg i lengre tid har hatt planar om å lage smykker til born av. For å overraske bursdagsborna litt ekstra har eg plassert smykka på bamsane, slik at det blir ei ekstra gåve i gåva. Kan hende havnar det noko i lommane til bamsane også...
 
Ein sjiraff til minstejenta
 
Ein elefant til eldstejenta
  
Sjiraff med armband
Bilete av armbandet på sjiraffen sin arm




Elefant med smykke om halsen

Nærbilete av smykket om elefanten sin hals


Eg avsluttar med eit gruppebilete av dei to som snart skal få nye eigarar:


fredag 7. oktober 2011

Hekla kosedyr

For over eitt år sidan (eller kanskje det er endå lengre sidan) kom eg over ein reportasje i Haugesunds avis som handla om "amigurumi". Dette var eit heilt ukjend begrep for meg, men via reportasjen lærte eg at det dreier seg om hekla kosedyr. Dette måtte eg prøve meg på!  Eg er svært glad i å hekle, og fann ein heil haug med gratis oppskrifter på nettet. Nå, over eitt år seinare, kan eg endeleg seie meg ferdig med dei tre kosedyra eg byrja å hekle på med så stor iver og entusiasme:



Liten bjørn med krone og bjelle
Liten bjørn med krone og bjelle




Flodhest med bjelle rundt halsen

Gruppebilete av flodhest, liten bjørn og blå elefant