onsdag 19. april 2017

Hekla babyrangler

Eg er hekta på hekling! Det er så kjekt og anvendeleg å halde på med. Det krev lite plass og krefter, og etter som eg har fått meir erfaring med handarbeidet er det lettare å gå vekk i frå mønster og eksperimentere på eiga hand. Bamseranglene nedanfor var eit koseleg lite prosjekt å hekle, og no får eg berre håpe at dei fell i smak hjå mottakarane når den tid kjem... ;-)


- Hekla bamserangle -



***


***



***


Ranglene er hekla i bomullsgarn, og er laga dels ut i frå mønster og dels ut i frå eige hovud. Augene er såkalla "Safety eyes" kjøpt på etsy.com, og skal vere umoglege for ein baby/eit barn å dra av. Inni hovudet er det hekla inn ei bjølle som ligg inni eit kinderegg. Dette lagar ein passe høg og behageleg lyd når ein beveger på rangla.











fredag 7. april 2017

God påske!

Høner og kyllingar høyrer påska til, synest eg, og nye eksemplar av arten har dukka opp i heimen den siste tida som resultat av små hekleprosjekt. Eg hadde ein idé i hovudet før eg starta med heklinga, og fann eit mønster på nettet som eg tok utgangspunkt i. Etter kvart som ein får erfaring med å hekle, og skjønar prinsippa innan hekling litt betre, blir det lettare å gå bort i frå mønsteret og gjere si eiga greie. Det likar eg. Det er kjekt å ende opp med eit produkt som gjerne ikkje liknar alt anna, og som eg får satt mitt eige preg på...


- Ståande variantar -






- Hanefar -




- Hengande variantar -









- "En liten kylling i egget lå..."-



***



En liten kylling i egget lå
Den banket og banket og banket på 
"Her er det trangt, jeg vil ut og gå", 
pep den og ynket seg der den lå 
Hakk-hakke-hakk
Egget det sprakk
Og en liten kylling ut av det stakk


Undrende sto den og gløttet på
Alt det den ute i verden så
Solen den varmet og skinte på 
marken og fugler og blomster små 
"Pip-pip" den sa. 
"Jeg er så glad! 
Trangt det var i egget, men her er det bra."


GOD PÅSKE!
page1image6376 page1image6536