onsdag 28. mars 2012

Prosjekt barnerom: Pute til stolen i lesekroken

Barnerommet til go'guten byrjar å ta form, men det dukkar stadig opp nye idear til ymse prosjekt der inne. Siste tilskot er ei elefantpute til den gamle lenestolen i lesekroken. Målet var at puta skulle stå i stil med elefanturoen eg laga for ei tid tilbake.
Tre elefantar er applikert på puta.
Her høyrer puta til; i lesekroken :)
Puta i sovekroken. Uroen i taket og puta er
sydd av same type tøy for å matche kvarandre. 

tirsdag 20. mars 2012

"Prikkefanten" - ein elefant til barnevogna

På arbeidsrommet/kontoret har eg to plastkassar med tøy som berre ventar på å bli teke i bruk. I fleire år har det faktisk lege slik og venta. Difor passar det bra at eg framleis er i elefantmodus. Dei passar ypperleg å sy når ein vil bruke opp gamalt restetøy, ja, og nytt tøy også, for den saks skuld :) . Nedanfor er eit eksempel på ein turkis elefant med kvite prikkar. Derav namnet "Prikkefant"...

Elefanten held hus i ei eske som liknar han sjølv 

Ei lita bjølle er festa på opphengstråden for å lage lyd når ein kjem borti elefanten

mandag 12. mars 2012

Frå dåpskake til bilete

Eg er så heldig å ha ei svigerinne som lagar fantastisk flotte og, ikkje minst, gode kaker. Hennar kakeferdigheter kom godt til nytte då go'guten vår blei døypt i haust. Resultatet vart ei vakker marsipankake med flotte detaljar på som fortente å bli teke vare på, i allefall så lenge det lar seg gjere. Så langt ser det ut til at marsipanen berre blir knallhard etter å ha tørka godt:



Dei flotte og detaljrike skoa valgte me å ramme inn i ei "Ribba-ramme" frå IKEA. Den var akkurat djup nok til det vesle skoparet:


Skoa limt på eit dekorativt ark med ugle på, og deretter sett inn i ramma

onsdag 7. mars 2012

Babykort

I dag har eg laga eit babykort til ein liten gut som er så ny i verda at eg ikkje har fått møte han enno. Men, forhåpentligvis blir det ikkje så alt for lenge til...

Framsida av kortet





















Eg har ikkje akkurat vore veldig utradisjonell i fargebruk, og har valt å la kortet til den velste guten gå i forskjellige nyansar av blått. Vogna er laga av ein sirkel som eg har klipt eit "kakestykke" av. Deretter har eg klistra på eit band med hjarter for lettare å skilje skuggen frå resten av vogna. Eit par knappar er brukt som hjul. Rundt vogna er det limt på forskjellige typar av Rhinstein for å plassere vogna i ein form for eit miljø. Kanskje det er snakk om ein trilletur i ei eng av blomar ein deilig vårdag...?

Utsnitt av kortet