søndag 17. september 2017

Hekla babyrangler til to prinsesser

To babyrangler er klare til avlevering. Den eine skal eg gi i gåve sjølv, medan den andre har eg fått i oppdrag å hekle. Eg må jo innrømme at det er stas når nokon vil betale for tinga eg lager og gi i gåve til nokon dei er glad i :-) Eg håper ranglene fell i smak hjå mottakarane!



- Rangle med rosa striper -







- Rangle med gule striper -





***



***


Ranglene er hekla i bomullsgarn går Søstrene Grene, og auga, så kalla safety eyes, er kjøpt på etsy.com. Dei skal være umoglege å dra av på grunn av låsemekanismen ein heng auga fast med. Ranglene er fylte med vatt, og inni hovudet er det hekla inn ei bjølle som gir fin lyd i rangla når ein beveger på henne. 




mandag 4. september 2017

Monstergenser til storebror

Også storebror fekk seg ein ny genser i sommar. Denne har motiv med små monster på. Då eg spurde kva farge storebror ville ha på halsutskjæringa og mansjettane, og viste han alternativa han hadde å velje i, svara han alle fargane eg viste han. Resultatet vart då raud halsutskjæring og blå og grøn mansjett på kvart sitt erme. Desse detaljane gjer heile genseren, synest eg.


- Genseren i bruk -





💙💚💙