onsdag 23. januar 2013

"Lykkeliten"

Å illustrere forskjellige typar tekstar, som eventyr og barnesongar, har falle i god smak! Eg ville igjen lage eit kort med barnesongen "Lykkeliten" som tema, men denne gongen ville eg gje det eit anna uttrykk enn sist. Fleire fargar og litt fleire elementer skulle få vere med, samstundes som det skulle vere passe stramt og enkelt.

Framsida av kortet

Dei forenkla blomane har eg skjært ut med ein slags passar med kniv i staden for blyant i enden. Slik kan eg skjære ut dei størrelsane eg sjølv ønsker. Stilkane er skjært ut på eit lite skjærebrett, medan vogna er klipt til av ein sirkel. Igjen har eg brukt knappar som hjul. Stjernene er restar av det som sit att inni diverse ord og motiv frå forskjellige typar sølvklistremerker, det som sit att på brettet og normalt blir kasta...

Innsida av kortet, med ein enkel blome


Då framsida på kortet var ferdig, såg eg at det kunne bli eit koseleg bilete å ha på eit barnerom. Eg tok derfor utgangspunkt i ei kvadratisk rame eg hadde liggande og tok mål av denne, slik at eg kunne lage ein liten collage å ha inni:

Ein søt, liten collage til å ha på barnerommet

Dette vil eg jobbe meir med :)

fredag 18. januar 2013

Fire nye kort...

...er blitt laga sidan i går. Utfordringa eg gav meg sjølv var at dei skulle vere så enkle som mogleg utan å gjere dei for simple. Eg ønska at dei få elementa som er på korta skulle vere det einaste framtredande, slik at det er det me legg merke til og festar blikket på.


Babykort til ein gut, framsida
Innsida av gutebabykortet, med eit vers
frå barnesongen "Lykkeliten"
Babykort til jente, framsida
Innsida av jentebabykortet, med eit
vers frå barnesongen "Vi har en tulle"
Bursdagskort, framsida
Innsida av bursdagskortet
Gratulasjonskort, framsida
Innsida av gratulasjonskortet

tirsdag 15. januar 2013

Nye spisebrikker av gamalt nytt

Endå fleire artiklar har blitt fletta, eller vevd, saman til nye spisebrikker. Nokre av brikkene har eg klart å lage ganske så like kvarandre, sidan eg hadde fleire eksemplar av det same magasinet. Men, litt av sjarmen og meininga er at ulike brikker også skal kunne fungere saman på eit dekka bord. Det kan jo vere artig at kvar enkelt rundt bordet har si individuelle brikke... Tanken vidare er å lage brikker som passer godt til barn.


Bringebærbrikke i raudt og rosa
Sundagsmiddagbrikke

Eit sett med fire like brikker

Brikkene er laminerte slik at dei er lette å tørke av med ein fuktig klut og skal kunne tåle dagleg bruk.

onsdag 9. januar 2013

Fletta spisebrikker

Heilt sidan eg var ferdig med masterstudiet i formgiving, kunst og håndverk i 2005, har eg hatt lyst til å jobbe meir med den teknikken eg jobba med i masteroppgåva/hovedoppgåva. Eg fletta papirremser til den store gullmedaljen, då eg laga eit teppe som tilslutt blei over fire meter langt. Prosjektet eg nett har starta på er betydeleg mindre i omfang; nemleg spisebrikker i A3-format. Det som er så fint med denne teknikken er at papir i alle variantar kan nyttast. Gjenbruk av gamle aviser og magasiner passar ypparleg til mitt formål. Bra for miljøet og bra for lommeboka ;)


Ei ferdig spisebrikke

Slik såg sida i magasinet eg brukte ut opprinneleg
Brikka er lett å tørke av, og fungerer bra som ei spisebrikke.

Utsnittet viser kva teksten handlar om; mat. Det passar jo bra på ei spisebrikke!

Inspirasjonen til spisebrikkene, teppet som er forma til ei
bølgje, frå oppgåva mi i 2005

tirsdag 8. januar 2013

"De tre bukkene Bruse" på "Epla"

Eg har endeleg fått realisert noko eg har gått og tenkt på ei god stund, å prøve seljarlukka på nettbutikken "Epla"! I den forbindelse har eg fått produsert ein del nye akvarellar med "De tre bukkene Bruse" som tema. Dette er små akvarellar meint for barnerommet.
 
Først følgjer fire bileter av fire uinnrama akvarellar.
 

 

















 





 
 


 




















Desse seks akvarellane vil bli lagt ut for sal på Eplabutikken min "Kort & anna godt" så snart alle er ferdig innrama og tekne bileter av. Fire produkt som allereie er lagt ut for sal er desse fire elefantane som er vognpynt til babyvogna:

"Hjertefanten"
"Blomsterfanten"
"Elefanten"
"Rutefanten"