onsdag 20. juli 2016

Apestrekar

Me har nettopp feira toårsdag her i huset, og i den forbindelse sydde eg ein såkalla "Krokape" i gåve til vesleguten. Det viste seg å være ei ganske tidkrevande oppgåve. Å vrenge og stappe dei lange og krokete armane og beina tok tid. Eg brukte dessutan eit grovare stoff til hender og føter, noko som gjorde det endå vanskelegare å vrenge delane då dei var ferdig sydde. Men, resultatet er eg godt nøgd med; ein morosam og dekorativ apekatt som kan henge over det meste ;-)





***






***



Ideen til dette morosame apekosedyret fann eg i den fine boka "Sy til barn", av Tone Finnanger. Her er det mange inspirerande oppskrifter til ting ein kan lage til barn, med hovudvekt på saum. Eg valgte å gjere litt om på armane og beina på apekatten ved å kombinere to forskjellige stoff, slik at det ser ut som han går med t-skjorte og kortbukse/korterma drakt. Han har også fått knappar og sløyfe i halsen.

tirsdag 5. juli 2016

Tipi

Siste syprosjekt har vore å sy ein tipi som go'gutane kan kose seg i anten ute eller inne. Mønsteret til denne tipien låg gratis på Ikea, og det kraftige lerretstøyet kjem også der i frå, vel og merke ikkje gratis ;-). Fire rundstokkar held tipien oppe. No håpar både go'gutane og eg på mykje deilig sommarvér frametter, slik at tipien kan bli flittig brukt ute.


 - Tipien i hagen -






- Tipien sett innan i frå og ut -



- Tipien innandørs -





- Pute som matchar -






- Er nok ikkje laga for vaksne ;-) -




Knappane til puta har eg trekt om med stoff som eg synes står i ein fin kontrast til sjølve puta. Skrifta "Sommer" har eg overført til stoffet før eg trakk om knappane, ved hjelp av ein overføringsteknikk der ein bruker "Rammelim". Dette har eg skrive om i tidlegare innlegg. Om nokon skulle vere interesserte, så ligg det ein fin framgangsmåte på denne teknikken her: www.unghusflid.no/filer/Ung_Husflid_e-bok.pdf