onsdag 20. juli 2016

Apestrekar

Me har nettopp feira toårsdag her i huset, og i den forbindelse sydde eg ein såkalla "Krokape" i gåve til vesleguten. Det viste seg å være ei ganske tidkrevande oppgåve. Å vrenge og stappe dei lange og krokete armane og beina tok tid. Eg brukte dessutan eit grovare stoff til hender og føter, noko som gjorde det endå vanskelegare å vrenge delane då dei var ferdig sydde. Men, resultatet er eg godt nøgd med; ein morosam og dekorativ apekatt som kan henge over det meste ;-)





***






***



Ideen til dette morosame apekosedyret fann eg i den fine boka "Sy til barn", av Tone Finnanger. Her er det mange inspirerande oppskrifter til ting ein kan lage til barn, med hovudvekt på saum. Eg valgte å gjere litt om på armane og beina på apekatten ved å kombinere to forskjellige stoff, slik at det ser ut som han går med t-skjorte og kortbukse/korterma drakt. Han har også fått knappar og sløyfe i halsen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar