torsdag 5. februar 2015

Handlenett for miljøet si skuld...

...og for å unngå dette på kjøkenet:


Dørhandtaka på kjøkenet fungerer litt for godt som
knaggar, og då endar gjerne påsane opp slik ei stund

***

Heime hos oss prøver me så godt me kan å tenke på miljøet. Me er ganske gode på å sortere søpla vår, og når me handlar har me med oss handlenett. For fleire år sidan fekk me tre tøynett på eit Iittala-utsal i Sverige då me handla der, og dei fann me ut var supre å bruke som handlenett. Men, me klarte diverre å miste to av dei. Då blei det til at eg brukte måla på det me fortsatt hadde att og sydde nye. Eit med lomme på utsida, og eit utan lomme:




***


***

Overlocksaumen er nytta som 
dekor på hankane

Netta er sydd i eit tjukt lerretstoff kjøpt på Ikea, så dei skal vere ganske solide. Sidan både mor og far i huset skal bruke desse handlenetta prøvde eg, etter beste evne, å gjere dei så kjønnsnøytrale som muleg. Far i huset har godkjent dei, så då har eg vel lukkast med det...

tirsdag 3. februar 2015

Nye antrekk til go'gutane

Vesle broremann i huset har byrja å sove fleire timar i strekk om dagane, noko som gjer at ho mor får tid til å sysle med diverse kreative prosjekt. For tida er det symaskinane som blir flittig brukt. Det har blant anna resultert i nokre nye bukser til begge gutane. Storebror har óg fått seg ein genser som står i stil til buksa:

Storebror



***



***



***


Vesle broremann


***



***




Som vanleg har eg klart å sy kleda noko store, men då har dei noko å vokse i ;-)


fredag 12. desember 2014

Pepparkakehus

Det har blitt tid til meir juleverkstad her i huset. Denne gongen har eg kosa meg med å sy fire små pepparkakehus til å ha på juletreet eller ei grein eller liknande. Knappane skal forestille "Non Stop" som taka er pynta med. All den kvite saumen er sjølvsagt melisglasur ;-)


Fire hus på rekke og rad





***

***
Som pynt på ei grein



***

Pepperkakehusa ligg no ute for salg på butikken min på "epla.no", og då blir dei levert i ein cellofanpose. Så får me berre sjå om dei får seg nye eigarar til jul...

fredag 28. november 2014

Det nærmar seg jul...

JULA har ein spesiell plass i mitt hjarte. Når eg høyrer dette korte ordet dreg tankane meg gjerne med tilbake til min barndoms jul. Eg er så heldig at det er mange GODE minner som dukker opp. Eit av minna er gleda med å ha juleverkstad. Opp igjennom åra har det blitt mange juleprosjekter, og i år kan ikkje bli noko unntak. I går gjekk startskotet for årets juleverkstad her i huset:


-Julekort-





***


-Gåvelappar-




***



Desse produkta vil bli lagt ut for sal på butikken min på Epla.no. Sjekk gjerne ut epla.no/shops/kortogannagodt . Under overskrifta "Kjøpe noko?" litt lenger oppe og til høgre på bloggen, ligg det ein direkte link til epla.

torsdag 20. november 2014

Dåp

Minsteguten i huset feira dåpsdagen sin på søndag. Sidan me har plass til det, var det svært koseleg å få feire denne store dagen til lillebror heime i vår eiga stove. Litt diverse "dåpsstæsj" måtte også underteikna lage ;-) . Vidare følgjer ein liten stemningsrapport i form av bileter:


 -Borddekking-





- Gjør-det-selv-stæsj-





***


***



-Dåpskaka-



Denne flotte dåpskaka skal eg på ingen måtar ta æra for! Den har svigerinna mi laga. Eit lite kunstverk som nesten var for flott til å etast.

fredag 19. september 2014

Veske

Med ein treåring og ein liten baby i hus er det ikkje like lett å få tid til og jobbe kreativt og blogge om det. Tidleg i sommar, før minstemann kom til verda, blei eg ferdig med denne veska. No har eg endeleg fått tatt bilder av henne, så då er det på tide å få lagt det ut på bloggen :-)



***





Veska er sydd i eit kraftig bomullslerret og skulle difor tåle ein del tyngde. Det er sydd på to lommar, ei inni og ei utanpå, der ein kan legge frå seg småting som lett kan forsvinne oppi den store veska...