søndag 28. april 2013

Nye vårluer til go'guten

Det byrjar så smått å bli litt mildare i lufta, og go'guten kunne trenge nokre tynnare luer. Eg fann ei enkel oppskrift på nettet som eg tok utgangspunkt i. I løpet av halvannan time hadde eg sydd to doble luer som skal få pynte opp eit allereie vakkert hovud ;) . Luene er sydd i Jersey stretch frå Stoff & Stil. Eg har meir tøy med andre motiv liggande, så det dukkar nok opp nokre nye variantar i næraste framtid. Slik vart uansett resultatet av dagens produksjon:



 
Først ute er ei kvit lue med svarte strekteikningar av forskjellige typar monstre. Ei lys og lett lue som kan passe no på våren.
 
-----
 
 
Ei kvit lue med bondegårdsmønster passar også godt til årstida vi no er inne i. Det store spørsmålet no er om eg blir nødd til å sy i snorer slik at lua blir verande på hovudet. Go'guten var nemleg ikkje særleg interessert i å ha luene på hovudet før bildene vart tekne. Heldigvis var det heilt greitt å ha dei på då far i huset fann fram kameraet sitt og byrja å knipse!
 
-----
 





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar