tirsdag 24. mars 2015

PÅSKEPYNT/VÅRPYNT

Våren er her. Det er ei deilig tid, synest eg! Ja, faktisk så vil eg gå så langt som å påstå at det er mi favoritt årstid. Eg synest rett nok at alle dei fire årstidene har sin sjarm, men det er noko spesielt med våren. Ting vaknar til live igjen; blomane spirer, trea byrjar så vidt å få eit svakt grønskjær, og fuglane, som forlot oss i kulda til fordel for varmare strok, vil etter kvart vende attende. Fuglekvitter er eit klart vårteikn for meg, og nettopp fuglar har vore tema for mitt siste prosjekt: Små fuglekassar som kan brukast både til påskepynt, men som og toler å få bli hengande utover våren og sommaren.


Små fuglekassar på rekkje og rad


***



***







***

Dei små fuglekassana er laga av tjukk grå papp som eg deretter har lima papir i vårlege fargar over. Til tak har eg valt eit tjukt papir i sølv som skal illudere eit sinktak. Pinnen som stikk ut under inngangen til fuglekassen er ein bit av ein tregrillpinne.

Eg synest sjølv at fuglekassane fekk fram vårstemninga og påskestemninga som eg ønska, og med det gjenstår det berre å ønske alle ei GOD PÅSKE!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar